Elines andre reisebrev
17. des 2003 06:00
Austfjordneset, Svalbard, desember 2002:
Hei, hei!
|
Om Eline |
||||
|
Eg heiter Eline Aasheim og er 13 år. Dette året bur eg på Austfjordneset på Svalbard med mamma, pappa og veslesystera mi, Ingvill. Austfjordneset er ein fangststasjon inst i Wijdefjorden nord på Svalbard. Hytta vi bur i er 40 kvadratmeter stor, og av det er halvparten lager og vedskjul. Det er staten som eig fangststasjonen, og han låner ut hytta til folk som har lyst til å drive fangst eit par år. Hytta ligg cirka 15 mil frå nærmaste butikk, og derfor har vi med oss mat for eit heilt år, og vi må sjølv jakte på det vi skal ha av kjøtt. |
||||
Mørketida har kome. Hovudlykta har blitt ein fast ting vi tek med oss same kvar vi skal. No er det ikkje like lett å lese avisa ved midnatt, nei. Eg kjenner at det er litt rart å ikkje sjå sola på så lenge, men vi har og funne ut at det går betre enn vi hadde frykta.
Vi hadde ein nydeleg periode i overgangen til mørketida, med vakre fargar, som oransje, raudt, gult og grønt over fjella i sør. Det var heilt magisk.
Ja, dei første fire månadene har gått utan at vi har sett ein einaste bjørn, men no har han kome. Han var her tre netter på rad. Først var det ei natt med mykje bjeffing frå hundane, utan at vi greidde sjå noko bjørn. Men vi skjønte det neste morgon da eit reinskinn vi hadde liggande, var borte, og det var bjørnespor i snøen. Neste natt begynte hundane å bjeffe igjen. Pappa sto opp og slo på lyskastarane. Han kikka litt rundt, og plutseleg såg han ryggen på bjørnen som sprang av garde! Det var godt å sjå at han var redd lyset.
ALLE FOTO:STEINAR P. AASHEIMSeinare på dagen skulle vi på tur. Vi hadde ikkje gått meir enn 150 meter da vi kom til ei stor grop i snøen der bjørnen hadde lege. Det var ikkje noko snø akkurat der, og sidan det blåste og føyka fælt den dagen, var pappa sikker på at det var vi som hadde skremt han opp da vi kom bortover mot han. Det var litt nifst å tenkje på at han låg så nær hytta.
Sjølv om vi veit at dei fleste bjørnane bare er nysgjerrige, og ikkje farlege, kan ein aldri vere 100 % sikker. Vi har vore i tvil om korleis hundane ville varsle, og det var ein lette å sjå at vi i alle fall kan stole på at nokre av hundane gir lyd frå seg når bjørnen kjem.
No når eg skriv dette, er det snart jul, og vi har starta Austfjordneset nisseverkstad. Det er ikkje så mange flittige nissar her som det truleg er på Nordpolen, men når alle fire sit oppå kvarandre rundt bordet og skal lage julekort til alle der heime, kan det nok forvekslast med ein liten nisseverkstad. Dessutan føler eg at eg burde ha ein strikkemedalje. Eg har strikka tre par vottar, ei veske, ei lue, ein elefant og ein kattepus, og eg er veldig stolt. Pappa målar nissar på reinsdyrhorn og lagar selklosmykke, Ingvill syr, teiknar og vev, og mamma har meldt seg inn i strikkeklubben min. Juletentamen nærmar seg med stormskritt, noko eg absolutt ikkje likar tanken på. Eg synest eg har vore flink til å gjere lekser og jobbe med skolearbeid, men tentamen er likevel litt skummelt. Det er litt rart å sitte her, mutters aleine, mens alle dei andre er på skolen heime. Heldigvis har vi e-post, så eg har kontakt med venene mine.
|
Svalbard |
||||
|
Svalbard er namnet på fleire øyar som ligg i Nordishavet mellom Noreg og Nordpolen. Meir enn halvparten av øyane er dekte av isbrear. Svalbard er norsk territorium, og er ein viktig stad for forskarar. |
||||
Vi har og fått fire kvalpar opp hit, så no har vi i alt 16 polarhundar. Kvalpane er noko av det søtaste eg har sett i mitt liv, og det er rart å sjå kor fort dei veks. Sånt har eg alltid vore fascinert av: Korleis nokre dyr har vaksen storleik på eitt år, medan vi menneske ikkje har vaksen storleik før vi er… vaksne!
Helsing Eline
Publisert i Nysgjerrigper nr 1/03
Sist endret: 17.12.2003