Eline ser tilbake på året på Svalbard

11. feb 2004 06:00

Eline

Livet etter Austfjordneset

Tida på Austfjordneset gjekk veldig fort! Alt for fort! Ein fekk liksom ikkje med seg så mykje. Men samtidig fekk ein med seg alt, for ein hadde aldri dårleg tid. Og når eg tenkjer tilbake på tida der oppe, må eg innrømme at eg lengtar litt tilbake. Til hundane. Til alt det som var så roleg og fredeleg. Til at det ikkje alltid var noko ein skulle rekke, enten det var ein buss, ein kino eller ei innlevering i Natur og Miljø. Og her er det mange innleveringar!

Eline med hundeneDet eg saknar minst er kanskje å ha så liten plass. Det å heile tida måtte gå å trakke kvarandre på terne (utan å bli irriterte riktig nok …), og det å aldri ha noko tid for seg sjølv. Det å føle at du ikkje ein gong kan ha tankane dine i fred. Og det å ikkje kunne gå meir enn 20 meter frå huset utan å måtte ta med seg gevær.

Eline solnedgangMen alt i alt har det vert kjempefint å komme heim. Ingen tvil om det! Eg har komet heim til alle vennene mine, som har vert så flinke å vente på meg. Eg har komet heim å begynt i 9. klasse, og eg ligg faktisk ikkje etter på den fronten. Utan å nemne for mykje, kan eg seie at det var litt for få gutar der oppe på Austfjordneset. 

Om eg skal sjå tilbake på året i eit, og trekkje fram nokre sterke minner, må eg faktisk stoppe å tenkje. Det er så mange fine minner.Eline svalbard-kartSvalbard er namnet på fleire øyar som ligg i Nordishavet mellom Noreg og Nordpolen. Meir enn halvparten av øyane er dekte av isbrear. Svalbard er norsk territorium, og er ein viktig stad for forskarar. Slik som alle dei fine hundesledeturane, og dei vakre årstidene. Men eg har og nokre minner som eg ikkje vil tenkje så mykje på. Av dei minna er det nok Nuna, ein av kvalpane, eg tenkjer mest på. Ho var yndlingshunden min, og ho blei drepen av mora og syskena hennar då ho var berre fem veker gamal. Eg får framleis klump i halsen når eg tenkjer på henne. 

Om eg nokon gong skal tilbake? Det skal eg heilt sikkert! Om eg nokon gong kjem til å bo der? Det spørs nok litt på kva interesser eg har når eg blir vaksen. Men om eg blir like sprø som mamma og pappa, så kan det vel hende.

Eline Aasheim

Hun bodde i et helt år i ei lita hytte på fangststasjonen Austfjordneset på Svalbard. Her var hun sammen med foreldrene sine og lillesøsteren Ingvill. Hytta var bare 40 kvadratmeter stor, og av det var halvparten lager og vedskjul! Austfjordneset lå hele 15 mil fra nærmeste butikk; de måtte derfor jakte for å skaffe mat.

Publisert i Nysgjerrigper nr 1/04

Sist endret: 11.02.2004

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 55/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Marit Møllhausen 

RSS strøm
Hva er RSS?