Det store lakseeventyret

12. jan 2004 06:00

Neste gong du er i utlandet, skal du stoppe ein utlending og spørje han kva han tenkjer på når du seier ”Noreg”. Bli ikkje overraska dersom han svarer ”laks”.

Laks/NYSGJERRIGPER/0403(Ikke bruk uten etter avtale med Nysgjerrigper)No veit du sikkert at laksen ikkje berre er norsk, men det er ikkje tvil om at laksen er viktig for oss i Noreg. Vi bruker gjerne ord som ”lakseeventyret” når vi skal fortelje om fisken og kvifor laksen er vorten så viktig. Eventyret starta for 33 år sidan, då Noregs første oppdrettsanlegg for laks opna utanfor øya Hitra. Sidan har hundrevis av oppdrettsanlegg opna, og kvart år sel vi laks til utlandet for store summar. For det er den norske laksen utlendingane helst vil ha.

Lakseforskarane

Det var derfor kanskje ikkje så rart at elevane i 7. klasse ved Sand skule i Rogaland vart bekymra då dei fann ut at det blir mindre og mindre laks der dei bur. Dei sette derfor i gang eit forskingsarbeid for å finne ut kvifor det er mindre laks i Suldalslågen no enn før. For forskinga si kom elevane heilt til finalen i Årets Nysgjerrigper 2003.

Matmangel?

Suldalslågen i Rogaland er kjend for stor laks. For berre 10–15 år sidan vart det arrangert laksefestivalar i elva. Men i det siste er det mange som har merka seg at det har vorte mindre laks. Kan det vere lakselus som er årsaka? Lite mat? Utbygging av kraftverk? Eller toler den ville laksen ikkje oppdrettslaksen? 

Skulda på kvarandre

Elevane gjekk i gang med å granske avisutklipp, noko som førte til mange nye spørsmål. Dei sette elva under nøye observasjon over tid, og gjorde målingar for å sjekke om ho kunne vere ureina. I laboratoriet ved oppdrettsanlegget fekk dei sjå nærmare på lakselusa. Men etter å ha snakka med mange forskjellige folk kom dei ikkje vidare med forskinga. Dei snakka mellom anna med naturforvaltaren, eigarar langs elva, laksefiskarar og dei tilsette ved oppdrettsanlegget, men alle hadde ulike meiningar om kva årsaka kunne vere til at laksen sakte forsvann. Og fleire skulda på kvarandre. Elevane hadde derfor mistanke om at dei fleste snakka ut frå eigne interesser. 

Lakselus frå oppdrettsanlegg?

Lakse-klassen/NYSGJERRIGPER/0403(Ikke bruk uten etter avtale med Nysgjerrigper)FOTO:IMAGE BANK/BILDER FRA ELEVENELakseoppdrettarane meinte at årsaka til at laksen forsvann, måtte vere sur nedbør eller forhold langt ute i havet der laksen et seg stor og feit. Elevane hadde derimot ein eigen teori: Villaksen må symje langt for å kome fram og tilbake mellom elva og havet, og han må passere fleire lakseoppdrettsanlegg på vegen. Herifrå kan villaksen ha pådrege seg lakselus. 

Så sjølv om elevane ikkje vart sikre på kvifor det blir stadig mindre laks i Suldalslågen, vart dei sikre på éin ting: Dei skal arbeide vidare for at lakseeventyret kjem tilbake til elva.

 Litt å vite om laksen

I Noreg ligg oppdrettsanlegga i fjordar eller nær kysten. No blir det planlagt å byggje oppdrettsanlegg langt til havs. Merdane som fisken skal stå i, kan bli store som fotballbanar.

Norske forskarar har kartlagt gena (arvestoffet) til laksen. Med denne kunnskapen kan vi avle fram stadig betre laksesortar – mellom anna med riktig smak og utsjånad. Lakseeventyret har derfor kanskje berre begynt!

Laks i oppdrett blir ofte angripen av lus. I staden for å bruke giftstoff for å bli kvitt lusa bruker forskarane leppefiskane bergnebb og berggylte til å ete lusa av laksen! Leppefiskane har derfor vorte viktige reiskapar for norske lakseoppdrettarar.

Får laksen for lite mat, tyr laksen til kamp og truslar. For å verke truande spiler fisken ut gjellelokka, finnane og munnhola for å verke større. Går han til kamp, blir resultatet gjerne bitemerke og skadar på finnane.

Publisert i Nysgjerrigper nr 4/03

Sist endret: 12.01.2004

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 55/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Marit Møllhausen 

RSS strøm
Hva er RSS?