Den krympefrie sauen er på veg
20. feb 2004 06:00
Når det hufsar rundt hushjørna og gradestokken kryp under null, er det godt å ha skikkelege ullklede. Men somme gonger er ikkje vegen så lang frå ull til tull.
Ulltråden er nemleg fæl til å krympe. Gir du for eksempel genseren og FOTO:IMAGE BANK. Det er kanskje ikkje tilfeldig at australske forskarar er så interesserte i ull. I Australia er det nemleg over 100 millionar sauer – mange gonger så mange sauer som det er folk! Til samanlikning har vi cirka 2 millionar sauer på sommarbeite i Noreg.raggsokkane ein for kraftig omgang i vaskemaskinen, kan dei kome ut som dokkeklede. Det er fordi håra til sauen eigentleg er fulle av små skjell på utsida. Under vaskinga hektar skjella seg inn i kvarandre, og trekkjer trådane tettare saman.
Anti-krympestoff
For at ikkje alle skal gå rundt med bitte små tjukkgenserar og åletronge stillongsar, set ullprodusentane garnet inn med kostbare anti-krympestoff. Men no meiner nokre australske forskarar at det er lurare å finne opp ein ”krympefri” sau. Dei veit nemleg at nokre sauesortar har ull som krympar mykje mindre enn andre.
No undersøkjer forskarane 2000 sauer for å snuse opp gena som gjer ulla krympefri. Då kan dei nemleg avle fram dei aller beste variantane, og få slutt på alt ull-tullet.
Publisert i Nysgjerrigper nr 4/03
Sist endret: 20.02.2004