Best med sukker på
13. nov 2003 00:00
Vi menneske synest ofte at maten blir betre med sukker på, og det gjer faktisk mange av bakteriane òg. Med litt søtstoff kan vi til og med få dei til å ete plast!
Det er i grunnen ganske lurt, sidan bakteriane bryt ned avfall, og ein femtedel av alt søppelet i verda faktisk er laga av plaststoff. Slike materiale er sette saman av kjempelange kjeder av molekyl, og bakteriane i naturen må begynne å gnage i den eine enden. Dermed blir plasten liggjande i årevis før bakteriane greier å bryte han ned.
No har indiske forskarar greidd å lage bitte små kjemiske fiskekrokar på dei lange plastkjedene. På desse går det an å hekte ørsmå sukkermolekyl. Slik har det seg at bakteriane begynner å gomle i veg på sukkeret så snart dei får sjansen. I same slengen jafsar dei hol på dei lange molekylkjedene, og bryt dei opp i passelege munnfullar for andre nedbrytarar.
Dermed kan plastposar og tomme saftflasker begynne å rotne berre etter nokre dagar på fyllinga. Dersom dette verkar så godt som forskarane trur, skal du ikkje sjå bort frå at du kan finne sukkerplast i butikkane om nokre år.
Publisert i Nysgjerrigper 2, 2003
Sist endret: 13.11.2003