All fisken i verda
19. jun 2003 23:00
Kor mange fiskeslag finst det i verda, og kor mange av dei lever i saltvatn og hvor mange i ferskvatn?
Vi snakka med ein marinbiolog som meinte at det var litt vanskeleg å seie kor mange fiskeartar som finst. Grunnen til det er delvis at vi enno ikkje har oppdaga alle, og delvis at forskarane er litt usamde om kor ulike fiskane må vere for at ein skal kunne kalle dei eigne artar. Når det er sagt er vanleg å vurdere talet på fiskeartar til ca 20 000. Det gjer fiskane til den største hvirveldyrgruppa. Til samanlikning tel vi pattedyra til 4 500 artar og fuglane 8 000.
To av fem fiskar er ferskvassfiskar. Og det er eigentleg mykje når vi tenkjer på at heile 97 prosent av jorda si vassoverflate er saltvatn. Berre 3 prosent er ferskvatn. Vi skulle vel eigentleg tru at nesten alle var saltvassfiskar. Ein grunn til at det finst så overraskande mange ferskvassfiskar, kan vere at det lettare utviklar seg nye artar i ferskvatn, fordi forholda i innsjøane er mykje meir mangearta enn dei i havet, og fordi tilhøva endrar seg raskare her. Dette tvinger ferskvassfiskane til å tilpasse seg – òg til heilt nye artar – i mykje større grad enn tilfellet er for saltvassfiskane.
Éin av hundre fiskeartar har evna til å overleve både i ferskvatn og saltvatn. Slike fiskar vert på fagspråket kalla for euryhaline. I Norge er torskefisken lake og nokre typar laks euryhaline. Dei greier å omstille nyrene og gjellene sine slik at saltmengda i cellene vert den same sjølv om vatnet dei ferdast i skulle skifte frå salt til ferskt. Ferskvannsfisker i saltvann vil elles tørke inn, medan saltvassfiskar i ferskvatn får sprengt dei raude blodlegemene sine. Begge fisketypane vil normalt døy av vasskiftet.
Når alt dette er sagt, må det tilslutt nemnast at det viktigaste for dei ulike fiskeslaga ikkje er om dei lever i saltvatn eller ferskvatn. Mange fiskeslekter, som laksearten, har underartar som lever i begge typar vatn. Likevel er det ikkje denne skilnaden som er grunnen til at ein har delt dei inn i ulike undergrupper, men andre, viktigare eigenskapsskilnadar.
Publisert i Nysgjerrigper 1996
Sist endret: 19.06.2003