Aaatsjo!

26. apr 2004 23:00

solbrent nese, kreft, soling

Kva skjer når ein vert forkjøla? Når du vert smitta av eit forkjølingsvirus, går det berre éin til fire dagar før symptoma viser seg.

Symptoma, som er teikna på sjukdommen, kan vere mange ved forkjøling: raud, rennande eller tett nase, sår hals, hosting, nysing, hås stemme og hovudverk. Sjukdommen bryt ut i den øvre delen av halsen din, og kan deretter spreie seg nedover, eller gi nye infeksjonar i øyre eller auge. Sjølv om ein kan få litt feber under forkjølinga vert sjukdommen ofte kjenneteikna nettopp ved at han er feberfri.

Dei tre første døgna etter at du har fått viruset i deg, er du smittefarleg. Då kan menneska kring deg få overført viruset gjennom hosting eller nys ifrå deg.

Tallause virus kan gi forkjøling

I dag vert det ikkje gitt medisin mot sjukdommen, bortsett frå når ein ikkje trur pasienten vil tole påfølgjande infeksjonar. Men symptoma, altså hoste og snørr og slikt, kan ein freiste å dempe ved hjelp av ulike middel som til dømes hostesaft og hovudverkstablettar.

Kvifor langt fleire vert forkjøla om hausten og vinteren enn om sommaren og våren, er ikkje forskarane heilt visse på. Det kalde veret spelar sjølvsagt ei viktig rolle, men enno viktigare trur forskarane det er at vi er meir utsette for smittespreiing når vi tilbringer mesteparten av tida innandørs, og dermed kjem nærare innpå kvarandre enn elles.

Sist endret: 26.04.2004

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 55/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Knut van der Wel 

RSS strøm
Hva er RSS?