Dei første julegåvene

Julefeiringa vår er meir moderne enn mange trur. I gamle dagar fanst det verken juletre eller innpakka julepresangar.

To gutter leker med en togbane de har fått i julegave (årstall 1957).
Desse gutane fekk nok det dei ønskte seg denne jula i 1957 – ein togbane. Foto: Sverre A. Børret zen / NTB scanpix
  • Ta denne quizen før du leser artikkelen, og så en gang til etter at du har lest den. Hvor mye lærte du?

    Åpne quizen

Først på midten av 1800-talet kom juletreet inn i norske heimar. Med treet følgde også dei første julegåvene. Dei låg ikkje under treet, men hang på det.

– Juletrea vart pynta med kaker og godteri som barna kunne hauste, fortel Ann Helene Bolstad Skjelbred. Ho er folklorist og forska på den gamle norske julefeiringa.

Nokre hang også små heimelaga og innpakka gåver på trea. Etter kvart vart gåvene for store og for mange til at greinene kunne halde dei. Då vart dei plasserte under treet eller på eit bord ved sida av, slik vi er vane med i dag.

Dei første innpakka «overraskingsgåvene» til barn kom altså rundt 1850. Men også før den tida var jula noko spesielt. Barna fekk gjerne kaker eller julegodt som dei koste seg med. Det var vanleg at barna bytte godteri med kvarandre, og det var om å gjere å få godsakene til å vare så lenge som mogleg.

Tenarar og fattigfolk fekk også ofte litt ekstra mat i jula.

Nye klede var også ein del av julefeiringa.

– Det var vanleg at alle i familien fekk nokre nye klesplagg, og kanskje også sko. Dette var ting ein uansett trengde. Og tenestejenta på garden fekk kanskje ein ny kjole til jul, men dette var ofte ein avtalt del av lønna, fortel Ann Helene.

Nyttige gåver

I starten var det berre barna som fekk innpakka gåver. Då folk flest fekk meir pengar utover 1900-talet, vart tradisjonen utvida. No fekk dei vaksne også julegåver.

– I byrjinga var gåvene til både barn og vaksne heimelaga. Men etter kvart vart det fleire kjøpegåver, fortel Ann Helene.

Framleis var det flest av dei nyttige gåvene.

– Barna fekk klede og andre ting dei trong. Slik er det jo framleis – barn får klede og sportsutstyr til jul. Hadde familien råd, kunne barna også få leiker, fortel Ann Helene. Då ho sjølv var barn rundt 1950, fekk ho klede, sko og bøker til jul.

Barn som leker med julegavene de har fått (1953)
I 1953 var leik med dei nye julegåvene stor stas, akkurat som i dag. Foto: Sverre A. Børretzen / NTB scanpix

Gråpapir

På 1800-talet vart gåvene pakka inn i gråpapir eller liknande.

– Det dekorerte papiret kom på slutten av 1800-talet og var veldig dyrt. Først utover 1900-talet byrja folk flest å bruke det, fortel Ann Helene. No byrjar gråpapir å bli meir vanleg igjen, fordi det er meir miljøvennleg.

Gåvmild nisse

På byrjinga av 1900-talet hadde ein julenissar som delte ut gåver på juletrefestar. Etter kvart tok ein del tradisjonen med seg heim og hadde nisse på julekvelden.

Ann Helen har også forska på julegåveskikkane vi har no for tida.

– Det er veldig ulikt kor mykje pengar og tid folk bruker på julegåver. Nokon startar innkjøpa allereie i januar, andre hastar av garde i desember, seier ho.

Klede er framleis den vanlegaste julegåva. Det viser forsking gjort av Statens institutt for forbruksforsking.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 19. april 2024, kl. 16:55 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.