På jakt etter hoggorm

Kor er hoggormane om sommaren? Ein norsk forskar har festa radiosendarar på ormane for å finne ut av saka.

Nærbilde av en hoggorm
Foto: Shutterstock

Om vinteren ligg hoggormane i hi. Når sola byrjar å varme om våren, kjem dei ut for å sole seg. Men kva gjer dei resten av sommaren? Blir dei på same staden, eller flyttar dei seg rundt? Det har  hoggormeksperten Dag Dolmen ved NTNU Vitskapsmuseet prøvd å finne ut.

– For tre år sidan starta vi med å teipe radiosendarar på hoggorm da dei kom ut av hiet om våren, fortel han. Radiosendarane sender ut signal, slik at det går an å sjå på ein datamaskin kor hoggormen er.

Giftig bit

Det å teipe noko fast på skinnet til ein hoggorm er ikkje berre lett. For det første kan det vere farleg, ettersom hoggormen er giftig og kan bite. Heldigvis er hoggtennene korte, så viss ein bruker tjukke hanskar klarer han ikkje å bite seg gjennom. Å løfte ein hoggorm er likevel ikkje noko du bør prøve, for eit hoggormbit er nemleg ekstra farleg for barn.

Eit anna problem med å teipe noko fast til skinnet til hoggormen, er at han skiftar ham. Det vil seie at han byter til eit heilt nytt skinn. Derfor har forskarane måtta setje på radiosendarane på nytt.

– Så godt det lèt seg gjere, har vi funne igjen hoggormane og sett på dei ein ny radiosendar. Slik har vi kunna følgje dei gjennom heile sesongen, fortel Dolmen.

Fer ikkje langt

Forskarane har funne ut at somme hoggormar blir på omtrent same staden heile sommaren. Andre fer litt lenger, men ikkje meir enn rundt ein kilometer. Og dessverre for oss liker hoggormen seg dei same stadene som oss menneske.

– Om våren solar dei seg i varme skråningar, akkurat som mange folk liker å gjere, seier Dolmen.

– Og om sommaren trekkjer rundt 80 prosent av hoggormane til gamle hogstfelt – akkurat dei same stadene folk gjerne går for å plukke villbringebær, fortel han.

Seint på sommaren får hoggormen ungar. I september-oktober går dei i hi, og da kan du vere trygg på at du ikkje møter ein einaste hoggorm før neste vår!

Meldinger ved utskriftstidspunkt 18. april 2024, kl. 23:06 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.