Aper lever med ulvar

I landet Etiopia i Afrika lever aper og ulvar side om side.

To aper sitter bak hverandre på en stor sten.
Apane gjer det lettare for ulvane å finne mat. Foto: Shutterstock

Aper og ulvar er vanlegvis ikkje veldig gode venner. Det er ikkje så rart. Ulvar er kjøttetarar. Dei et andre dyr. Aper, for eksempel. Derfor er dei fleste aper livredde for ulvar. Men i Etiopia lever ulvar og aper side om side.

Et rotter

Den sjeldne etiopiske ulven et stort sett rotter. Somme gonger drep ulven andre dyr òg. Men han angrip ikkje gelada-apene. Det har apene skjønt. Derfor er dei ikkje redde for å sleppe ulvar inn i apeflokken.

Tre ulver sitter og ser utover terrenget.
Ulvar er kjøtteterar. Foto: Picturepoint.no

Fangar meir

Ulvane ruslar roleg og forsiktig rundt i flokken. Dei vil ikkje skremme apene. Apeflokken gjer det nemleg lettare for ulvane å finne mat. Forskarar har funne ut at ulvane fangar mange fleire rotter når dei jaktar blant apene. Ulvane fangar rotter over dobbelt så ofte når dei er saman med apene som når dei gjer det åleine.

Forskarane er ikkje sikre på kvifor det er slik. Kanskje apeflokken skremmer rottene ut frå gøymestadene sine? Eller kanskje alle apene gjer det vanskelegare for rottene å oppdage ulvane?

Meldinger ved utskriftstidspunkt 20. april 2024, kl. 02:34 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.