Sjuåring fann merkeleg dinosaur

Ville du likt å finne ein ny dinosaur og attpåtil få han oppkalla etter deg? Det gjorde sju år gamle Diego frå Chile.

Far og sønn som rir på hester i stekende solskinn i Chile.
Sju år gamle Diego (til venstre) har fått ein dinosaur oppkalla etter seg. Foto: Dr. Fernando Novas

For nokre år sidan var sju år gamle Diego Suárez med foreldra sine på jobb sør i landet Chile. Foreldra til Diego har uvanlege jobbar: Dei er geologar – det vil seie at dei forskar på steinar. Saman fann dei knoklar frå ein heilt ukjend dinosaur!

Illustrasjon av Chilesaurus, som ligner på en Tyrannosaurus rex.
Den nye dinosauren har fått namnet Chilesaurus diegosaurezi.

I slekt med Tyrannosauros rex

Den nye dinosauren har fått namnet Chilesaurus diegosaurezi. Han er oppkalla etter landet der han vart funnen, og Diego som fann han.

Arten ser nesten ut som om nokon har sett saman delar frå forskjellige andre dinosaurar. Truleg var han i slekt med kjøttetaren Tyrannosaurus rex. Men tennene og kjevane passar ikkje til å ete kjøtt. Derfor trur forskarane det dreier seg om ein planteetar som har utvikla seg frå ei gruppe kjøttetarar.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 19. april 2024, kl. 12:44 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.