342 dagar i verdsrommet

Gjennom nesten eit heilt år følgjer forskarar nøye med på kva som skjer med kroppane til tre astronautar. To av dei er ute i verdsrommet, mens den tredje er blitt igjen her på jorda. Det spesielle er at to av astronautane er tvillingbrør. Den eine er på jorda, mens den andre er i verdsrommet.

To tvillinger som er astronaturer står med ansiktene mot hverandre
Astronauter og tvillinger Mark og Scott Kelly Tvillingbrør og astronautar: Mark og Scott Kelly. Forskarane samanliknar kva som skjer i kroppen til brørne dette året. Scott er i verdsrommet, mens tvillingbroren har beina godt planta på jorda. Foto: NASA.

I vår kom Scott Kelly og Mikhail Kornienko til den internasjonale romstasjonen med ein russisk romkapsel. No har dei vore der i over eit halvt år. Etter seks månader dreg dei fleste astronautar heim til jorda. Men amerikanske Kelly og russiske Kornienko skal bli på romstasjonen dobbelt så lenge. Dei to er nemleg med på eit viktig eksperiment: eit utanomjordisk eittårslag.

342 dagar

I 342 dagar skal Kelly og Kornienko bu og jobbe på romstasjonen. Målet er å finne ut kva lange romferder gjer med kroppen og hjernen. Kva skjer med skjelettet, auga og blodårene etter nesten eit år utan tyngdekraft? Korleis oppfører menneske seg etter like lang tid i verdsrommet? Alt dette er viktig kunnskap viss vi ein gong skal sende menneske til Mars.

To astronaturer i en romstasjon i verdensrommet
Astronautane Scott Kelly (til venstre) og Mikhail Kornienko har vore i verdsrommet heilt sidan i mars. Foto: NASA.

Einegga tvillingar

Scott Kellys tvillingbror, Mark, er også med på eksperimentet. Sjølv om Mark også er astronaut, skal han ikkje forlate jorda denne gongen. Sidan dei to tvillingane er så like, er målet å bruke Mark som ei slags samanlikning. Sånn kan forskarane finne ut kva som skjer med kroppen til Scott ute i verdsrommet, samanlikna med Marks kropp nede på jorda.

Følg ekspedisjonen på Internett: www.nasa.gov/1ym

Meldinger ved utskriftstidspunkt 26. april 2024, kl. 12:51 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.