Tryllestøv frå Sahara

31. okt 2011 07:00

Sahara illustrasjon (Ingressbilde) Sahara er verdas største varme ørken. Herifrå kan mengdar av støv og sand reise langt av stad. Foto: SHUTTERSTOCK

Korleis kan ørkenstøv frå det tørraste Sahara få regnskogen i Amazonas til å blomstre? Forskarar har følgt ørkenstøv på den 8000 kilometer lange reisa frå Tsjad til Brasil, og funne svaret.

For 10 000 år sidan dekte innsjøen Megatsjad i Afrika eit område på storleik med Noreg. No er det berre ein liten skvett igjen av denne forhistoriske kjempesjøen. På grensa mellom Tsjad, Kamerun, Nigeria og Niger ligg Tsjadsjøen.

Svær fordjuping

Eit stadig varmare klima har fått innsjøen til å fordampe, og ei svær fordjuping har kome til syne. I den skålforma Bodele-fordjupinga kan ein studere botnen av den tidlegare kjempesjøen. Ved første augekast er han dekt av ørkenstøv som det meste i nærleiken, men støvet her har heilt spesielle eigenskapar.

Skattkiste

I det finkorna støvet frå havbotnen har forskarar funne mengder av grunnstoffet fosfor. For plantar og andre vekstar er dette for gjødsel å rekne. Mens området framleis var ein innsjø, sokk mange godsaker til botnen, og spesielt kiselalgane har gjort botnen til ei skattkiste. Og det fjørlette botnstøvet let seg lett frakte over lange avstandar.

Lang reise

Når støvet blir kvervla opp, er det ei lang og strabasiøs reise som står for tur - rundt 8000 lange kilometer før det er framme i Amazonas. På den ti dagar lange reisa legg støvet bak seg 800 kilometer om dagen, og berre 20 prosent av støvet kjem seg heilskinna over Atlanteren. Der får den næringsfattige regnskogsjorda seg ein velfortent dusj av tryllestøvet frå Sahara.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 3-11 

Sist endret: 31.10.2011

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 55/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Marit Møllhausen 

RSS strøm
Hva er RSS?