Øyre til pynt

28. feb 2011 07:00

lungefisk1 (Ingressbilde) Lungefisken er eit to meter langt beist som har sumt rundt i småpyttar i nærare 300 millionar år. Foto: GV-PRESS

Kunne dei første dyra på landjorda høyre? Svaret på spørsmålet har forskarar funne i grumsete småpyttar i Afrika.

For rundt 360 millionar år sidan forlet ein del fiskar havet og flytta seg til land. Tetrapodar, eller firefotingar, var dei første som prøvde lukka over vassflata.

Dette var dyr som var tilpassa livet på land. Dei pusta med lunger i staden for gjeller, og finnane var forvandla til små føter. Men øyra hadde store manglar.

Inga trommehinne

Når lyd kjem inn i øyret, byrjar trommehinna å vibrere, og gjer at øyreknoklane kjem i rørsle. Hos tetrapodane var der inga trommehinne å spore.

Men kunne dei likevel oppfatte lyd? Danske forskarar har lenge lurt på dette, og i Afrika fann dei svaret.

Eit langt beist

Der spora dei nemleg opp lungefisken. Eit to meter langt beist som har sumt rundt i småpyttar i nærare 300 millionar år. Han har knoklar i kraniet, harde plater til å tyggje med og sidefinnar som han kravlar rundt med på botnen.

Bak tarmen er ei utposing. Her ligg lungene klare til bruk om nødvendig, og dei gir lungefisken ein stor fordel. I vatn med lite oksygen der andre fiskar bukkar under, kan lungefisken lure seg over vassflata og trekkje inn litt frisk luft.

Heilt døv

Tetrapodane og lungefisken er nær i slekt. Dei er begge nære etterkomarar etter kvastfinnefisken, og ein kan rekne dei som søskenbarn. 

- Då deler dei nok mange eigenskapar også, tenkte forskarane. Med avansert måleutstyr sjekka dei høyrsla til ein halvslapp lungefisk. Same kor sterk lyd dei laga, viste hjernen hans ingen teikn til reaksjon. Han var heilt døv.

Forskarane har slått fast at øyra hos dei første dyra på jorda sannsynlegvis var mest til pynt.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 1-11

Sist endret: 28.02.2011

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 56/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Marit Møllhausen 

RSS strøm
Hva er RSS?