Romsøppel i hagen?
13. feb 2012 07:00
Øydelagde satellittar svevar i ein ubrukt bane rundt jorda. Foto: ESA
Eit dansk ektepar trudde dei hadde funne romsøppel i hagen. Heilt til dei fann ut kva som eigentlig hadde hendt.
Tidleg ein morgon vakna eit dansk ektepar og såg ut av vindauget. Dei trudde ikkje sine eigne auge. Spreidd rundt i hagen låg det ein masse merkeleg søppel. Det var restar frå ein NASA-satellitt som hadde falle ned. Trudde dei.
Svært sjeldan
Heilt til det viste seg at nokon hadde tulla med dei. Det er nemleg svært sjeldan at det ramlar ned satellittar. Heldigvis og dessverre. Det kunne jo vore litt gøy òg. Tenk om du gjekk på tur i skogen for å plukke sopp, og så fann du antenner og skrot frå ein gammal satellitt. Men slik er det ikkje.
Når satelittane døyr
Når satellittane "døyr", blir dei skuva ut i satellittkyrkjegarden. Det er ein ubrukt bane rundt jorda der det svevar øydelagde satellittar. Der blir dei i all æve. Eller så blir dei sende ned til jorda, men på vegen brenn det meste opp i varmen som oppstår i atmosfæren. Det finst ein del romsøppel som ingen har teke ansvar for. No planlegg fleire land å rydde litt der ute, slik at satellittar og romskip ikkje skal kollidere med skrot og skrammel.
Publisert i Nysgjerrigper nr. 1-12.
Sist endret: 13.02.2012