Robot på gekkoføter

31. jan 2011 07:00

Gekko (Shutterstock) (Ingressbilde) Foto: Shutterstock

Har du ein hemmeleg draum om å kunne bevege deg som Spiderman? Forskarar jobbar no med å utvikle ein spesiell robot som kan klatre, og ideane får dei frå dyreverda. Dei let seg nemleg inspirere av dei klistrete føtene til gekkoen.

Gekkoen kan enkelt tasse langs veggen eller smyge seg oppunder taket. Som om føtene var dekte med lim, klistrar han seg fast til underlaget, og som ein sirkusartist kan han gjere akrobatiske kunstar. Han heng nemleg lett frå taket etter berre ei lita, hårete tå.

Undersiden av gekkofot (GV-PRESS) (Hovedtekstbilde)Kvar av dei fløyelsmjuke fotflatene er dekt av ein million små hår.
Foto: GV-PRESS

Langt frå klissete

Superlim, tenkjer du kanskje? Men ser du nærmare på dei fem-tåa føtene til denne vesle øgla, er dei langt frå klissete. Kvar av dei fløyelsmjuke fotflatene er dekt av ein million små hår, og kvart hår er delt opp i tusen bitte små hårtuppar. 

Magnetisk resultat

Og nettopp desse tuppane kan forklare dei Spiderman-aktige eigenskapane til gekkoen. Kvar hårtupp og underlaget er nemleg bitte litt tiltrekte av kvarandre. Og når alle hårtuppane jobbar saman, blir resultatet heilt magnetisk. Gekkoen kunne vore 130 kilo tung og likevel blitt hengande i taket! Så sterke er hårkreftene.

Glatte flater

Roboten Stickybot er utvikla av forskarar ved Stanford University og Massachusetts Institute of Technology, og har gekkoen sine evner til å klatre oppover glatte flater. Forskarane håpar at han skal kunne utføre arbeid på farlege stader der vi menneske ikkje kjem til. Kanskje på utsida av store bruer eller bygningar?

Sjå video, søk på YouTube: "Stanford Stickybot"

Elegante finter

Forstørret gekkofot med festeskiver (Hovedtekstbilde)Foto: GV-PRESS

Når gekkoen likevel klarer å flytte føtene, er det meir kløkt enn rå kraft. Som ein fotballspelar har han elegante finter på lur. 15 gonger per sekund vrir han litt på føtene sine. Ein etter ein. Når foten er litt på skrå, slepper håra taket, og han kan flytte foten framover.

Små, hårete venner

På teipen som forskarane jobbar med, er håra erstatta med små karbonnanorøyr. Bitte små røyr som fungerer endå betre enn dei små hårete brørne deira frå gekkoriket. Teipen har gekkoføtene si ekstreme evne til å feste seg til eit underlag, og kan også lett løysast viss ein dreg han av litt på skrå. Dessutan er han ti gonger sterkare enn originalen.

Klistreføter

Eit forskingsteam ved Simon Fraser University i Canada samarbeider no med ESA (European Space Agency) om å utvikle ein edderkoppliknande robot med klistreføter. Han skal etter kvart utforske Mars. Før den tid vil klistremassen også vere til stor nytte andre stader i det tørre verdsrommet, som til dømes på romstasjonar. Der tørkar vanleg lim fort ut, og magnetar har inga kraft. Det nye kraftige gekkolimet vil her ha same kraft som på landjorda, og kan brukast gong etter gong.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 4-10

Sist endret: 31.01.2011

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 56/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Marit Møllhausen 

RSS strøm
Hva er RSS?