Færre slangar i verda

23. jul 2010 06:00

slange (Ingressbilde)

Forskarar har funne ut at det har blitt færre slangar i verda dei siste tolv åra. Dette synes dei er ganske så mystisk.

Faktisk er så mange som to av tre slangeartar som forskarar følgjer med på, på kraftig retur. Det ser heller ikkje ut til at denne endringa kjem til å snu med det første. Nedgangen gjeld dessutan i nesten heile verda. 

Eit ledd blir borte

For deg som har slangefobi er dette kanskje gode nyheiter? Men sanninga er at slangane er ein viktig del av mange økosystem. Eit økosystem er sett saman av ulike organismar som er avhengige av kvarandre for å fungere. Kvart ledd av organismar (planter og dyr) et eller nærer seg av leddet framfor seg og samtidig utgjer dei næring for leddet som kjem etter. Så når eit ledd i ei slik næringskjede forsvinn, forsvinn næringa for andre artar.

Klimaforandringar

grønn slange (Hovedtekstbilde)Det ser ut til at klimaforandringar fører til færre og færre slangar rundt om i verda.
Foto: Shutterstock
Heilt sikre er ikkje forskarane på kva nedgangen skuldast. Ein av årsakane er sannsynlegvis klimaforandringane i verda. Det minkar på antal naturområde i verda og det blir meir forureining. Slangane har opplevd meir sjukdom og mangel på mat dei siste åra.

Det kan også verke som om slangane har hatt uflaks. Det var nemleg i 1998 at talet på slangar byrja å stupe. Ikkje veit ein årsaken til dette, men 1998 var eit veldig varmt år, og det kan vere ein del av årsaken.

Kjelder: nrk.no og jp.dk

Sist endret: 23.07.2010

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 55/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Kate A. Furøy

RSS strøm
Hva er RSS?