Valentinsdag
12. feb 2010 06:00
14. februar er det Valentinsdag, eller kjærleikens dag. Då kan du vise kjærleik til dei du er ekstra glad i.
Du kan til dømes teikne og skrive eit hyggjeleg kort, som du underteiknar med namnet ditt, eller "din Valentin". Det kan vere til ein god venn, til mamma, pappa, søster eller bror - eller gjerne til alle saman. Det går også an å sende kort til ein eller ei du er forelska i.
Frå England
Valentinsdagen er ein skikk som kjem frå England og Skottland. Her har folk feira dagen heilt siden kong Henry VIII i året 1537 bestemte at 14. februar skulle vere dagen for "hjartets utkåra".
I Noreg begynte vi å markere Valentinsdagen først på 1990-talet, og dagen blir meir populær for kvart år som går.
Kjærleikslotteri
14. februar var dagen våren blei feira i Romarriket. Mange av landa rundt Middelhavet var del av Romarriket i åra 600 før Kristus til 500 etter Kristus.
Ein av dei mest populære aktivitetane var kjærleikslotteriet. Unge kvinner skreiv namnet sitt på ein lapp og la han i ei urne. Ved urna stod like mange menn klare til å trekkje kvar sin lapp.
Den mannen som trekte lappen med ei bestemt kvinne sitt namn på, var å rekne som hennar trulova - i det minste til neste dag.
Sankt Valentin
I år 498 etter Kristus ønskte pave Gelasius å gjere slutt på denne tradisjonen. Han ville at ein mann skulle finne seg éi kvinne, og ikke vinne ei tilfeldig kvinne i eit ukristeleg lotteri.
Kjærleikslotteriet blei forbode, og 14. februar skulle heller vere dagen for å hylle helgenen Sankt Valentin.
Kven var Valentin?
Ei legende fortel at Valentin var ein prest som hadde gitt ei blind jente synet tilbake. Det fekk alle dei 44 familiemedlemmane hennar til å følgje den kristne trua, som var forbode i Romarriket den gongen. Valentin måtte derfor bøte med livet i år 273.
Foto: Shutterstock Ei anna legende fortel at presten Valentin braut lova i Romarriket ved at han i løyndom vigde forelska par. I keisar Claudius den Ondes rike var det forbode å gifte seg fordi keisaren meinte at gifte menn var dårlege krigarar. Valentin blei avslørt, sett i fengsel og dømt til døden.
Mens han venta på dødsstraffa forelska han seg i dottera til fangevoktaren. Frå fengselscella sende Valentin det første valentinskortet til kvinna han elska. Kortet underteikna han "Frå din Valentin".
Publisert i Nysgjerrigper nr. 1-10
Sist endret: 12.02.2010