Sudokuvinnarar
27. jan 2010 07:00
Nysgjerrigper har kåra årets første vinnarar av vår populære sudoku-konkurranse. I dag har vi også lagt ut heilt nye brett!
Ein gong i månaden premierer Nysgjerrigper unge sudokuekspertar. Denne gongen er det Fredrik frå Fåvang og Madelen frå Stadlandet som kan vente seg flotte premiar frå Nysgjerrigper i posten. Vi gratulerer!
Sudoku for liten - sudoku for stor
Nye brett ligg allereie klare på nettsidene våre. Dersom du vil løyse og levere inn både junior- og seniorbrettet, kan du godt gjere det. På den måten blir jo sjansane for at du vinn endå større!
Lukke til - kanskje er det du som blir trekt ut som vinnar neste gong? Innleveringsfristen er fredag 19. februar.
Klikk her for å gå til dei nye sudoku-bretta.
Visste du at:
- Sjølv om sudoku med tal er mest vanleg, fins det òg liknande spel med bokstavar eller bilete. Når spelet er med bokstavar, kallast det ofte wordoku.
- Namnet kjem av dei japanske orda for tal (sū) og éin eller aleine (doku), og er ei forkorting for uttrykket «数字は独身に限る» (Sūji wa dokushin ni kagiru), eit ordspel som seier at tala må stå aleine.
Sist endret: 27.01.2010