Edderkopp på vegetarkost
03. mai 2010 05:00
Hoppe-edderkoppen Bagheera kiplingi er ikkje heilt som andre edderkoppar. På menyen hans står nemleg plantekost og annan vegetarmat. Berre til fest kosar han seg med eit insekt eller to.
Ein høyrer ofte om blodtørstige edderkoppar som fangar byttet i nettet sitt, og fråtsar i insekt og andre småkryp. Rundt 40 000 ulike artar finst det rundt omkring i verda, og alle har til no hatt kjøt i sikte. Amerikanske forskarar studerer no ein hoppe-edderkopp med heilt andre matvanar. Møt vegetar-edderkoppen Bagheera kiplingi.
Knaskar blad
Han lever i det sørlege Mexico, og store delar av dagen sit han rett og slett i akasie-buska og knaskar blad. Blada skyl han ned med småslurkar av herleg nektar, som han syg ut av kjertlar ved bladrota. Men det er farleg å vere vegetarianar. Ikkje på grunn av gift i blada eller fare for å ramle ned. Nei, det han fryktar mest, langt der ute på bladet sitt, er patruljerande maurar.
Blad-etande fiendar
Maurane og akasie-buskene har nemleg ein avtale. Maurane kan forsyne seg av godsakene som buskene har å by på, som husrom, nektar og saftige bladtuppar. Til gjengjeld må dei forsvare buskene mot blad-etande fiendar. Og den snyltande hoppe-edderkoppen står øvst på lista.
Harmlaus planteetar?
Rundt 90 prosent av tida er Bagheera kiplingi ein roleg, harmlaus planteetar. Men maurane bør passe godt på maurlarvane sine. Av og til når Bagheera kiplingi vil kose seg skikkeleg, står det gjerne ein maurlarve eller to på menyen. Nam!
Publisert i Nysgjerrigper nr. 1-10
Sist endret: 03.05.2010