Slik kan kreften miste krefter

03. feb 2010 06:00

kreftcelle (Ingressbilde) Illustrasjon av ei kreftcelle

Kreftcellene forstår ikkje det språket som friske celler nyttar når dei snakkar saman. Difor veks dei heilt feil, dei veks for mykje og på feil stad. No prøver forskarar å finne ein måte å svelte ut kreftsvulstane på!

Viss forskarane finn ein måte å stoppe blodtilførselen til ein kreftsvulst, kan svulsten rett og slett svelte og døy! Forskarar i Bergen jobbar no vidare med denne smarte ideen for å finne ein betre måte å behandle kreft på.

Svelte ut kreften 

blodgjennomstrømning (Hovedtekstbilde)Viss vi klarer å stoppe blodtilførselen til kreftsvulsten, kan svulsten rett og slett døy.
Foto: Shutterstock
Forskarane har ikkje klart å forstå og tolke det språket som kreftcellene brukar for å utvikle seg. Difor planlegg dei no denne heilt nye strategien mot kreft: å svelte ut kreftsvulstane!

Løysninga er å lage ein medisin som stoppar blodtilførselen til ulike kreftceller og kreftvev.

I tillegg jobbar forskarane med å finne ut korleis kreften spreier seg med blodet. Hittil har dei klart å finne eit nytt gen som styrer spreiing av ein type kreft, nemleg brystkreft.  

ÅRETS NYSGJERRIGPER 2010 - HELSEPRISEN

Forsk på noko som har med helse og kreft å gjere, og vinn pris!
Alle som deltek i forskingskonkurransen Årets Nysgjerrigper 2010, konkurrerer om fem spesialprisar, i tillegg til hovudprisen. Helseprisen er ein av desse, og blir delt ut av Kreftforeninga.

Kriterium for Helseprisen:
Risikoen for kreft minkar viss vi et meir frukt og grønsaker, er meir fysisk aktive, ikkje røykjer og ikkje blir solbrende. Målet for forskingsprosjekta som konkurrerer om Helseprisen, kan vere å seie noko om kvifor det kan vere vanskeleg å følgje desse råda, og/eller kva som skal til for at fleire følgjer dei.

Les meir om kriteria for Helseprisen på Kreftforeninga sin nettstad.
Les meir om spesialprisane i Årets Nysgjerrigper 2010.
Les meir om konkurransen Årets Nysgjerrigper.

Kjelde: forskning.no

Sist endret: 03.02.2010

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 55/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Knut van der Wel 

RSS strøm
Hva er RSS?