Skipa var vikingane si stoltheit

20. aug 2010 05:00

Osebergskipet (Ingressbilde) "Osebergskipet" er eit vikingskip og vart grave ut for litt over 100 år sidan. Det er det første kjende skipet i Noreg som brukte segl. Skipet er klink-bygd - det vil seie at borda overlappar kvarandre og er stifta saman med naglar. Foto: Kulturhistorisk museum.

Vikingtida var ei viktig tid for utvikling av skip i Noreg, og vikingane elska skipa sine.

Vikingskipa var vakre og solide. Dei var forma for å ri på bølgjene og for å ta seg lett opp elvar. Med både segl og årer var skipet enkelt å styre. Seglet gav dessutan skipet stor fart. Viss bølgjene ikkje var altfor tøffe, kunne eit vikingskip segle nesten 20 kilometer på éin time.

Handel og krig

Då "Osebergskipet" vart bygd på 800-talet, var det sannsynlegvis ingen forskjell mellom krigsskip og handelsskip. Først 200 år seinare gav vikingane skipa ei form som var tilpassa det dei skulle bruke skipet til.

Handelsskipa - knarrane - var store og hadde plass til tonnevis av varer. Dei lange og smale langskipa var bygde for fart og kamp. Skipa hadde plass til mange roarar.

Masta var enkel å reise og leggje ned, og ho vart alltid lagd ned når skipet nærma seg land. Sidan skipet stakk grunt i vatnet, kunne dei trekkje det opp på sandstranda utan å skade skipet. Det var slik dei kunne angripe så brått og overraskande.

Ormen Lange

"Ormen Lange" skal ha vore det flottaste, beste og dyraste skipet vikingane bygde. Skipet var så stort at 68 mann måtte ro det, 34 mann på kvar side.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 2-10

Sist endret: 20.08.2010

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 55/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Knut van der Wel 

RSS strøm
Hva er RSS?