Naturens helikopter
14. jun 2010 05:00
Bia landar med stor presisjon. Foto: 1-IMAGES.NO
Med millimeter-presisjon landar ho på blomar i alle storleikar og frå alle vinklar. Australske forskarar har studert bia med høghastigheitskamera, og avslørt den elegante måten ho landar på.
Bia kan ikkje vurdere avstandar slik som oss menneske. På si ville ferd gjennom lufta oppfattar ho fart og avstand ved å studere kor raskt alt rundt henne passerer. Den vesle hjernen hennar, så stor som eit sesamfrø, gjer avanserte utrekningar undervegs.
Slepper bremsepedalen
Og ho gjer ein god jobb. Bia klarer oppbremsinga med glans. Kvar gong. Når ho slepper bremsepedalen, er avstanden til blomen alltid 16 millimeter. I brøkdelen av eit sekund svevar ho over landingsstaden som eit helikopter, før landingsbeina lengst bak kjem ut. Ho senkar dei mot bakken, og snart står ho trygt på alle seks.
Grip tak i blomen
Når bia går inn for landing mot blomar som står litt på skrå eller opp-ned, landar ho ikkje med ein gong. Følehorna til bia undersøkjer nemleg først landingsforholda, og sjekkar om kroppen har rette vinkelen for ei mjuk landing. Når følehorna gir klarsignal, strekkjer bia automatisk ut frambeina og grip tak i blomen. Etterpå løftar ho elegant opp dei fire andre beina.
Tung i baken
Bia er ganske tung i baken. Når ho surrar i lufta, sig baken ned, og kroppen dannar ein vinkel på 60 grader. Bia landar lettast og mest elegant på flater som står akkurat like mykje på skrå som ho sjølv. Forskarane arbeider no med å finne ut om kronblada i ein blome er perfekt tilpassa bia. Er det slik at den vanlegaste vinkelen er nettopp desse 60 gradene?
Publisert i Nysgjerrigper nr. 2-10
Sist endret: 14.06.2010