Kamerat på batteri
04. nov 2009 07:00
Mange er glade i MP3-spelaren sin, men kva om han kunne bli ein ekte venn i tillegg?
Tenk deg å ha ein kamerat som går på batteri. Ein som kan trøyste deg når du er lei eller tvinge deg opp av godstolen når du er litt for slapp. Forskarar ved Universitet i Oslo forskar på ny teknologi, og ser for seg nye mp3-spelarar med heilt nye eigenskapar.
MP3-spelar som trøyster deg
Ein dag du er i dårleg humør, er ikkje hjelpa så langt vekke. Mp3-spelaren din kan føle at noko er gale, og leitar fram ein song som kan få opp stemninga. På ein joggetur merkar du at musikken din er vanskeleg å jogge til. Før du får gjort noko med det, ordnar mp3-spelaren opp. Han skrur nemleg opp tempoet på musikken eller skiftar til ein song som passar til tempoet ditt!
Musikkflørt
Ute i friminuttet møter du på ein kamerat eller ei venninne. "Pling, plong, plang, pling!" ... Det er mp3-spelarane dykkar som har funne tonen og småpratar saman. Musikken blandar seg, og heilt ny musikk oppstår. Når de går vidare, har de nye og spennande melodimiksar på øyret. I følgje musikkforskarane ved Universitetet i Oslo er ikke dette science fiction og ville framtidsdraumar!
Publisert i Nysgjerrigper nr. 3-09
Sist endret: 04.11.2009