Sudoku-premiar

09. okt 2009 06:00

sudokubrett

Nysgjerrigper sin sudoku er populær. Barn og vaksne i alle aldrar har prøvd seg på sudokubretta i september, og i dag presenterer vi vinnarane!

Ein kan vel trygt seie at Nysgjerrigper sin sudoku passar for alle. Denne gongen var yngste deltakar berre 6 år, medan den eldste var over 70 år gammal. Og konkurransen var hardare enn nokon gong. Over 80 personar plotta inn dei rette tala, og kniva om dei flotte premiane våre.

Mjuke pakkar

Dei som bør halde utkikk i postkassen denne gongen er: Hans Martin Midtbø, 6 år, frå Jakobsli og Edit Machlok, 11 år, frå Tromsø. Hans Martin gjekk heilt til topps i junior-klassen og Edit trekte det lengste strået i senior-klassen! Gratulerer så mykje til begge to! Mjuke pakkar er på veg i posten.

Dagens hjernetrim

Vi er litt seint ute med premiane denne gongen, så dei nye bretta har allereie vore på nettet nokre dagar. Men har du ikkje prøvd deg enno, så kan du følgje lenka under. Og hugs: Du kan gjerne levere inn begge bretta. På den måten er jo sjansen for å vinne endå større. Lukke til med dagens hjernetrim!

Her finn du dei nye sudoku-bretta.

Sist endret: 09.10.2009

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 55/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Marit Møllhausen 

RSS strøm
Hva er RSS?