Oppblåste sjøhestar
05. mar 2010 06:00
Sjøhest-hoa puttar egga i ein pose på magen til hannen. Her blir egga befrukta, og mannen går gravid i 2 til 4 veker. FOTO: 1-IMAGES:NO
Langt under havoverflata vandrar dei tett saman to og to. Dei skiftar farge for å imponere, og gjer innvikla rørsler til kvarandre. I dagesvis. Vi snakkar om sjøhestane, som er langt meir romantiske enn dei firebeinte namnebrødrene på landjorda.
På landjorda er det ofte sånn at menn trekkjer magen inn når hoene vandrar forbi, men når sjøhest-hannen bles opp bukposen sin, veit hoene at her er ein kar dei kan satse på. Ein kar som har plass til mange egg! Og mennene tenkjer også stort. Hos store, røslege damer veit dei at dei kan finne mange og gode egg.
Bakvendtland under havoverflata
Etter ein svært intens forelskelse, endar det med at dei vil ha barn saman. Alt normalt så langt. Men kva skjer? Hoa puttar egga opp i ein svær pose på magen til hannen. Der blir egga befrukta, og mannen går gravid heilt til friske, fine sjøhestpodar gløttar ut 2 til 4 veker etter.
Forskarar har introdusert både små og store damer for hannen. Og konklusjonen: Små damer? Nei, takk!
Publisert i Nysgjerrigper nr. 4-09Sist endret: 05.03.2010