Gigantslange funnen i Sør-Amerika

11. jan 2010 06:00

Tiboaslange (Ingressbilde) Titanboaslangen var brei som eit traktorhjul og 13 meter lang. Til samanlikning må vi legge 20 hoggormar etter kvarandre for å nå lengda til titanboaen. ILL: University of Florida

Kjempeskjelpaddar og krokodiller kunne passe godt som småsnacks for denne karen. Titanboaslangen var ein enda meir fryktinngytande skapning enn dinosaurane.

Etter at dinosaurane hadde trakka i frå seg på jorda for 65 millionar år sidan, dukka det opp ein endå meir fryktinngytande krabat. Titanboaen bukta seg fram i regnskogen i Colombia. Slangen var 13 meter lang og over éit tonn tung, og på jakt etter mat som kunne gjere han stor og feit.

Kjempeskjelpadder og forhistoriske krokodiller måtte passe ekstra godt på. Dei var sannsynlegvis for småsnacks å rekne.

Rekordstor slange

Forskarane gjorde store auge då dei fann fossile restar etter denne enorme kjøttpølsa. I eit steinbrot i Colombia dukka det opp ryggvirvlar så store at forskarane blei mållause. Boaen hadde truleg vore over éin meter brei på midten. Nesten som eit traktorhjul!

Klima-sværing

Eit varmare klima var truleg grunnen til at boaslangen kunne ete seg så stor og feit. Forskarane konkluderer med at det må ha vore 5-6 grader varmare på tida då boaen regjerte i regnskogen.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 4-09

Sist endret: 11.01.2010

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 55/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Kate A. Furøy

RSS strøm
Hva er RSS?