Besøk Dino-dagen

06. nov 2009 06:00

Jørn Hurum med dinosaurbein

Søndag opnar Naturhistorisk museum i Oslo dørene for publikum. Då kan du bli med på dinosaursafari, og høyre spennande historier frå Æresnysgjerrigper Jørn Hurum. "Pappaen" til primaten Ida har gjort nye, spennande dinosaur-funn på Svalbard.

Har du lest om monsterøgla som norske forskarar fann på Svalbard? Øgla som var lang som ein buss og hadde tenner store som agurkar? På Dino-dagen avslører forskarar, med Æresnysgjerrigper Jørn Hurum i spissen, nye funn frå Svalbard. Kva har dei på lur denne gongen?

Ida i alle fargar

Dino-dag

Den årlege dinosaurdagen inneheld aktivitetar for store og små.

Tid: Søndag 8. nov. kl. 12 - 15

Stad: Geologisk museum, Tøyen (Oslo)

Den årlege dinosaurdagen vil vise nytt frå utgravingane på Svalbard. Aktivitetar for barn vil mellom anna vere å "farge di eigen IDA".

Du har heilt sikkert høyrt om Ida, den vesle primaten som etter 47 millionar år i stummande mørke, fekk lys, varme og eit nytt liv på Naturhistorisk museum i Oslo. På Dino-dagen kan du studere denne fantastiske skapninga, og du kan fargeleggje ho i dine eigne fargar. På eit papir, vel å merke. Mange spennande Ida-sjablongar ventar på å bli fylte av vakre fargar. 

Dino for liten - dino for stor 

For dei litt større, kan vi anbefale dinosaursafari i øglehallen. Viss du våger, sjølvsagt! Eller kva med ein kikk på fossila? Du finn både forsteina dinosaurfotspor og fiskeøgleknoklar! 

Finn du deg ein stad å sitje, kan du også kose deg med godt lesestoff. Det blir nemleg delt ut Nysgjerrigperblad. Og kva er det blada handlar om? Nettopp: Dinosaurar!

Ha ein fin søndag på Naturhistorisk museum på Tøyen i Oslo - mellom lange agurktenner og store dinosaur-kjevar!

Sjå info på Naturhistorisk museum sine nettsider.

Sist endret: 06.11.2009

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 55/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Knut van der Wel 

RSS strøm
Hva er RSS?