Avslørt av lorten

21. mai 2010 05:00

Tigerhode (Ingressbilde) Ein ny metode gjer at forskarane kan skille guffen til ulike tigrar frå kvarandre. Foto: Shutterstock

Det blir stadig færre tigrar i verda. No viser det seg at tigrar med laus mage sjølve kan hjelpe forskarane med å få oversikt over bestanden. DNA-restar i bæsjen fortel meir enn ein skulle tru.

Amerikanske biologar tar no heilt nye metodar i bruk for å få oversikt over bestanden av tigrar. Så langt har dei sett opp fotoboksar og studert og telt potespora som tigrane etterlet seg på bakken. No ser dei nærmare på lorten til dette elegante dyret.

Illeluktande reise

Biologane har nett vore på eit seks-vekers feltarbeid i Bandipur National Park i India. På eit område halvparten av storleiken til Vestfold fylke, spora dei opp flokkar med tigrar, og leita seg fram til tigrane sine utandørstoalett. 58 illeluktande prøver blei samla inn og analysert.

Haugar med bæsj

I store haugar med bæsj, kunne nemleg biologane skille guffen til 26 ulike tigrar frå kvarandre. Ikkje på lukta eller forma. Nei, med mykje meir moderne metodar enn det. Mellom vatn, døde bakteriar og ufordøyde matrestar fann forskarane DNA-restar frå tarmceller til dei ulike tigrane. Og arvestoffet til kvar enkelt tiger er som fingeravtrykk å rekne.

Tiger som sitterFoto: Shutterstock

Poserande tigrar

Det var spente forskarar som sjekka fotofellene som var sett opp i same området. 29 ulike tigrar hadde blitt knipsa bilde av. Biologane såg lurt på kvarandre. - 26 er veldig nær 29! Dei konkluderte med at begge teljemåtane var like sikre. Og telje-lort-metoden gir forskarane eit heilt nytt verktøy å bruke.

Viktige visittkort

I tett jungel kan ein ikkje setje opp fotofeller og fotspor gir ikkje merke. I nettopp slike område kan visittkorta dyra legg att vere svært nyttige for forskarar.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 4-09

Sist endret: 21.05.2010

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 55/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Knut van der Wel 

RSS strøm
Hva er RSS?