Smartare med fisk

24. mar 2009 06:00

Fisketallerken

Visste du at eit par måltid fisk i veka kan gjere deg endå smartare? Svenske forskarar har undersøkt 4000 ungdommar, og er ikkje i tvil: Ein blir meir intelligent med fisk på middagsbordet!

Du har sikkert blitt oppmoda av vaksne om å vere sunn, ete mykje fisk og ta den daglege skeia med tran. Men har nokon sagt til deg at fisk faktisk kan gjere deg smartare?

4000 forsøksgutar

Forskarar ved universitetet i Gøteborg ville undersøkje kva effekt fisk har på hjernen til unge menneske. Dei plukka ut 4000 forsøksgutar på 15 år, med ganske så ulik bakgrunn. Då visste forskarane at resultata dei fann, var til å stole på.

Gutane kom frå ulike land og budde ulike stader. Nokre av ungdommane var i toppform og andre heilt ute av form. Enkelte trena ofte og andre visste ikkje kvar joggeskoa hadde teke vegen. Forskarane starta med å dele dei inn i tre grupper.

Ulike oppgåver

Årets Nysgjerrigper -Helseprisen 2009

Alle som deltek i forskingskonkurransen Årets Nysgjerrigper 2009, konkurrerer i tillegg til hovudprisen om fem spesialprisar. Helseprisen er ein av desse, og blir delt ut av Kreftforeninga.

Risikoen for kreft minkar viss vi ét meir frukt og grønsaker, er meir fysisk aktive, ikkje røykjer og ikkje blir solbrente. Målet for forskingsprosjekta som konkurrerer om Helseprisen, kan vere å seie noko om kvifor det kan vere vanskeleg å følgje desse råda, og/eller kva som skal til for at fleire følgjer dei.

Les meir om Helseprisen på Kreftforeninga sine nettsider.

Ei gruppe skulle ikkje ete fisk i det heile, ei av gruppene skulle ete fisk éin gong i veka og dei "heldigaste" skulle ete fisk to gongar i veka. Så måtte forskarane vente i tre lange år. Då gutane var 18 år, skulle dei nemleg i militæret, og då sto det ein del testar for tur. Forskarane var mest interesserte i intelligens-testane. Kven ville skåre best her?

Fiske-etarane til topps!

Fiske-etarene kunne trekkje det lengste fiskebeinet! Dei som åt fisk éin gong per veke, hadde 6 prosent betre resultat enn dei kjøttetande vennane. Og dei som dobla inntaket til to porsjonar i veka, hadde ein skår som var 11 prosent høgare!

Mager eller feit?

No jobbar forskarane vidare. Dei ønskjer å finne ut kva type fisk som gir best resultat. Er det den magre fisken i fiskepinnane eller feit fisk som til dømes laks?

Sist endret: 24.03.2009

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 55/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Knut van der Wel 

RSS strøm
Hva er RSS?