Hjernens innebygde GPS
16. mar 2009 06:00
Har du gått deg bort nokon gong? Kanskje trur du det, men hjernen din har visst kvar du er heile tida. Ho fortalde det berre ikkje til deg!
Tenk deg at du er i New York. Du traskar rundt i gatene og ser litt i butikkvindauga og på folka rundt deg. Brått forstår du at du har rota deg bort. Du har rett og slett inga aning om kvar du er i byen.
Hjernen har kartet
Det er no du skulle hatt evna til å sjå inn i din eigen hjerne. For inne i hippokampusen din er det eit nøyaktig kart over det området du er inne i (sjå faktaboks). Avstanden til neste bygg, avstanden til fortauet på andre sida av gata og til hunden som tissar på eit reklameskilt, er nøye oppmålt og registrert.
Nervecellene samarbeidar
Hippokampus
Hippokampus er eit todelt område i hjernen som ser litt ut som to havhestar. Du visste kanskje at det latinske namnet på havhest er hippocampus?
Hippokampus har i tillegg til kartfunksjonen i hjernen også ansvar for læring og minne.
Korleis har hjernen din gjort dette? Du har ikkje tatt med måleband og du har ikkje ein gong lagt merke til den tissande hunden. Jau, dette er stadcellene sitt verk. Desse nervecellene samarbeider om å lage eit kart over den staden du er på. Dei deler området nøye mellom seg, og så sit dei der og ventar på at du skal gå inn i det som er deira sone. Når du kjem inn i sona til ei bestemt stadcelle vil den skrike ut om at du er der, og når du går vidare vil neste celle skrike ut.
-Til og med om eg spring? tenkjer du kanskje. Ja, til og med om du spring så fort du berre klarer.
Ei jente studerer modell av hjernen under Forskingsdagane 2007.Foto: Forskningsdagene
Cellene fyrer!
Vel, det er nok ikkje heilt riktig å seie at cellene kan skrike. Dei gir beskjed om at du er i deira sone. Ein seier at cella fyrer ved å sende ein elektrisk impuls til nabocellene sine. Slik lagar hjernen kart over alle stader du har vore. Karta vert lagra i hjernen - ikkje så ulikt GPSen ein har i bilen, altså!
Sist endret: 16.03.2009