Gnien med energien
10. mar 2009 07:00
Byttar du ut alle glødepærene heime med sparepærer, reduserer du forbruket av energi med over 80%. Men det blir framleis like lyst rundt deg.
Neste gong du høyrer ei poff heime fordi ei lyspære seier takk for seg, bør du ta ein ekstra kikk. Viss det er ei gammal glødepære som har strålt for siste gong, sparar du både energi og pengar på å erstatte ho med ei "nymotens" sparepære.
Glødande olding
Då Thomas Alva Edison fann opp glødepæra for over 100 år sidan, hadde han neppe tenkt seg at ho skulle vere nesten uforandra den dag i dag. Men den glødande oldingen er no i ferd med å få ein arvtakar. Dei nye sparepærene er dyrare å kjøpe inn, men kan lyse opp rundt deg i mange år ekstra.
Lik form - ulikt innhald
I glødepærer blir det sendt straum gjennom ein glødetråd. Denne blir varm, det byrjar å gløde og det blir frigjort varme. Men berre 5% av energien pæra brukar blir til lys. Då er sparepærene meir arbeidssomme. Inne i sparepærene er det kvikksølv-gass som lyser når ein tilfører straum. Faktisk lyser ei 11 watts sparepære like godt som ei 60 watts glødepære!
Årets Nysgjerrigper - Energiprisen 2009
Alle som deltek i forskingskonkurransen Årets Nysgjerrigper, konkurrerer i tillegg om fem spesialprisar. Energiprisen er ein av desse, og blir delt ut av Enova.
Energiprisen går til Regnmakarar som er levande opptekne av energi og miljø. Regnmakarane vil at vi skal bruke mindre energi, og at vi skal satse på fornybare energikjelder.
Sparsommelege sparepærer
Eininga watt fortel om kor mykje energi pærene brukar for å lyse. Ei glødepære brukar rundt seks gonger meir energi enn ei sparepære. Skiftar du ut alle glødepærene heime med sparsommelege sparelyspærer kan du spare rundt ein femmar om dagen. På eit år er gevinsten rundt 2000 kroner!
Rett i søpla, eller...?
Men sparepærer kan vere ein miljøversting viss du ikkje handterer dei på rett måte. Kastar du dei rett i søppelbøtta, matar du naturen med farleg kvikksølv, som hopar seg opp i næringskjeden.
Lever heller sparepæra i butikken når du kjøper nye. Då har du ei pære som er gnien med energien, og du sparar både miljøet og lommeboka for ubehagelege overraskingar.
Sist endret: 10.03.2009