Forsk med Nysgjerrigpermetoden.no!

11. mar 2009 07:00

Nysgjerrigpermetoden.no (Ingressbilde)

Har du forska saman med klassen og brukt Nysgjerrigpermetoden.no? No har det blitt endå enklare å lage flotte forskingsrapportar!

Den største nyheita er at ein no kan lage og leggje inn tabellar i Nysgjerrigpermetoden.no. Du har kanskje laga tabellar i program som Word eller Excel og det heile har sett merkeleg ut når du har limt det inn i rapporten din? No kan du gløyme desse programma, og gjere alt i Nysgjerrigpermetoden.no!

Eit lite kryss er nok

Nysgjerrigpermetoden.no (Hovedtekstbilde)Og vi har endå meir på lager. No kan du velge storleik på bileta som du legg inn. Vil du ha eit lite bilete, eller eit middels stort? Eller kanskje eit som fyller heile bredda i rapporten din? Dette kan du bestemme sjølv, med eit enkelt kryss. Synst du at eit bilete passar best på høgre sida? Då kryssar du enkelt og greit av for dette før du lagrar biletet.

Du bestemmer!

Sjølv om du er i gong med eit prosjekt på nysgjerrigpermetoden.no, og allereie har lagra mange bilete, så ikkje fortvil. Du kan lett endre på ting du har lagt inn. Du kan flytte eit bilete frå venstre kant til høgre, eller kanskje har du lyst til at eit av dei små bileta dine skal fylle heile breidda? Du bestemmer!

Gode forslag frå deg

Lukke til vidare med forskinga i vår. Vi håpar at du er fornøgd med den nye utgåva av Nysgjerrigpermetoden.no. Er det framleis noko du saknar når du jobbar med Nysgjerrigpermetoden.no, eller kanskje noko som skulle vore annleis?  Vi prøvar heile tida å gjere verktøyet betre, og då treng vi gode forslag frå deg!

Her kan du besøke Nysgjerrigpermetoden.no.

Sist endret: 11.03.2009

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 55/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Marit Møllhausen 

RSS strøm
Hva er RSS?