Pratande paddefisk
04. sep 2009 06:00
Grisen gryntar i bingen sin. Det er noko alle veit. Men visste du at også fiskar kan lage gryntelydar?
Den syngjande paddefisken er eit eksempel på det. Først brukar han vakker song for å lokke hoene til å leggje egg i reiret hans. Etterpå lagar han grisete gryntelydar for å skremme vekk fiendar. Lydane lagar han ved å vibrere på luftblæra - nesten som å lage lyd med ein trompet!
Snakkande fisk og menneske i slekt
Forskarar trur at menneske og "snakkande" fiskar er i slekt. For 400 millionar år sidan sumde det nemleg ein rar krabat rundt i havet, og han var stamfar til alle virveldyra i verda.
Publisert i Nysgjerrigper nr. 2-09
Sist endret: 04.09.2009