Sudoku-premiering
16. jan 2009 07:00
I dag deler vi i Nysgjerrigper ut flotte premiar til talfrelste barn. Er du ein av dei heldige?
Éin gong i månaden premierer Nysgjerrigper unge sudokuekspertar. Denne gongen er det Vilde Løvkvist frå Eiksmarka og Nils Olav Jordebrekk frå Røldal som kan vente seg flotte premiar frå Nysgjerrigper i posten.
God hjernetrim
Vi minner om at rykande ferske sudoku-brett allereie er klare. Følg lenka under, og gjer deg klar for god hjernetrim! Ønskjer du ekstra utfordringar, kan du ta fram stoppeklokka, og sjå kor lang tid du brukar. Kanskje kan du og ein venn konkurrere?
Tipse andre
Frist for innlevering av sudoku er onsdag 11. februar. Dersom du likar å løyse Nysgjerrigper sine sudoku-brett, kan du gjerne tipse andre med sudoku-dilla om det.
Lukke til med hjernetrimmen - kanskje er det nettopp du som blir trekt ut som vinnar neste gong?
Sist endret: 16.01.2009