Pluto er blitt ein plutoid

24. apr 2009 05:00

Plutoiden pluto (Ingressbilde) Pluto er ikkje lenger ein planet, men ein plutiod. FOTO: SPL/GV-PRESS

Inntil for få år sidan var Pluto ein planet i solsystemet vårt. No har eks-planeten fått velfortent oppreising.

Stakkars Pluto! Den vesle kloden susar rundt i mørket og kulda langt, langt ute i solsystemet vårt. For få år sidan blei han rekna som den aller minste og ytste planeten. Men så tok forskarane til å tvile på om den vesle kloden i det heile kunne kallast ein planet.

Ein ekte planet må nemleg vere forma som ei kule, og ha si eiga bane som er reinska for asteroidar og anna skrot. Og sjølv om Pluto er nesten rund som ei kule, har han ikkje heilt si eiga bane. I staden skjenar han innom bana til planeten Neptun, som er mange gonger større. I 2006 blei stakkars Pluto rett og slett kasta ut av det gode selskap, og fekk ikkje lenger vere med blant planetane.

Dvergplanet

Men viss den vesle, kalde kula ikkje er ein planet – kva er ho då? Forskarane har bestemt seg for at både Pluto og andre liknande klodar skal kallast dvergplanetar. Og i mai i 2008 fekk den tidlegare planeten godt nytt. Han hadde fått plass i ei eiga gruppe dvergplanetar. Og kva trur du namnet på gruppa er? Plutoidar!

Publisert i Nysgjerrigper nr. 1-09

Sist endret: 24.04.2009

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 55/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Knut van der Wel 

RSS strøm
Hva er RSS?