Newton oppdagar tyngdekrafta
20. mar 2009 07:00
Isaac Newton voks opp i England for omtrent 350 år sidan. I dag er han berømt over heile verda for forskinga si. Newton oppdaga viktige brikker i det store puslespelet vi kallar universet.
Historia skal ha det til at Newton fekk ei slik brikke rett i fanget ein gong – bokstaveleg talt. Ein vakker haustdag låg nemleg Newton og lata seg i hagen. Brått fall eit eple ned på han. Newton kika opp. Eplet hadde tydelegvis losna frå treet han låg under. Men kvifor fall eplet eigentleg ned, og ikkje opp?
Til å vere berømt forskar verkar kanskje ikkje Newton særleg smart. At ting fell nedover, er jo noko alle veit. Men har du nokon gong tenkt på kvifor naturen er slik at ting fell nedover?
Dragkrefter
Newton skjøna at det er krefter som verkar mellom eplet og jorda. Når vi kjenner at eit eple har vekt, er det fordi jorda og eplet trekkjer på kvarandre. Jorda trekkjer meir på ein sekk med eple enn på eit enkelt eple. Og store planetar trekkjer kraftigare på eple enn det små planetar gjer. Faktisk trekkjer alle store og små ting på kvarandre, konkluderte Newton.
Isaac Newton.
Foto: SPL/GV-PRESSSola trekkjer på planetane i solsystemet. Månen trekkjer på havet slik at vi får flo og fjøre. Jorda trekkjer på alle oss som bur her. Og vi trekkjer faktisk litt på kvarandre, vi òg.
Naturlov
Newton avslørte at tyngdekrafta er ei naturlov. Ei naturlov er noko som gjeld alle ting i naturen. Men han fann ikkje ut kva det er med tinga som gjer at tyngdekrafta er ei naturlov. Faktisk er akkurat det eit av dei store spørsmåla som fysikarane ved CERN håpar å finne svar på.
Du kan lese meir om CERN i lenkjene til høgre.
Publisert i Nysgjerrigper nr. 1-09
Sist endret: 20.03.2009