Den syngjande holebuaren

21. okt 2009 05:00

Hulemaleri fra Frankrike (Ingressbilde) Holemaleri frå Frankrike. Foto: Corbis/ Scanpix

I Sør-Europa finst det digre grotter med labyrintar av gangar og salar under jorda. Djupt inne i fleire av holene finn ein underlege bilete på veggane. Vart dei måla av syngjande steinaldermenneske?

I holene i Sør-Europa kan ein finne merkelege måleri av bison, oksar, hestar og hender. Andre stader er det fargeflekker og symbol. Men kvar er kunstnarane?

Dei fiffige figurane blei måla av menneske som levde i steinalderen for over 10 000 år sidan. Berre ved å kike på holemåleria deira har vi lært mykje om desse menneska. Og no trur ein fransk forskar at han har funne ut noko heilt nytt: Steinaldermenneska song og jodla mens dei måla!

Kunst med klang

Forskaren har oppdaga at nesten alle måleria finst på stader der klangen i hola er ekstra god. Kanskje kunstnarane tralla mens dei måla? Og kanskje fleire menneske kom tilbake for å syngje eller spele framfor måleriet? Forskaren trur til og med at folka brukte song og skrål til å finne fram i mørket. Faklane deira gav nok dårleg lys inne i holene. Men lyden avslørte om dei tusla i tronge gangar eller stod i store salar.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 1-09

Sist endret: 21.10.2009

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 55/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Knut van der Wel 

RSS strøm
Hva er RSS?