Kjempe i miniformat
30. sep 2009 05:00
Fibrillar held trea oppreiste. Foto: Jan Djenner/ Samfoto.
Norske forskarar har store planar for eit bitte lite, men supersterkt stoff som held trea oppreiste.
Fibrillar er ikkje namnet på eit skummelt dyr frå urtida. Det er noko heilt anna. Fibrillar finst i celler i tre - og dermed også i papir. Berre i eit vanleg Nysgjerrigper-blad finst dei i milliontal.
Held trea oppreiste
Til dagleg er jobben til fibrillane å halde trea oppreiste. Ein kraftprestasjon i grunnen, fordi ein fibrill er ufatteleg liten, og faktisk berre 50 milliondels millimeter tjukk. Fordi dei er så utruleg små og sterke, har forskarar ved Papir- og fiberinstituttet ved Noregs teknisk-naturvitskaplege institutt (NTNU) lagt store planar.
Superkrefter
Ein av planane er å blande fibrillar i plast. På den måten kan leiker eller bildelar av plast bli kjempesterke. Dessutan kan superstoffet også brukast til å drepe bakteriar. Fibrillane klistrar seg lett til andre stoff, og på overflata til fibrillane kan ein derfor "hengje" kjemikaliar som drep bakteriar. Akkurat kva forskarane vel å bruke dei til, er enno ikkje bestemt.
Publisert i Nysgjerrigper nr. 1-09
Sist endret: 30.09.2009