Premiedryss frå Nysgjerrigper
18. feb 2009 06:00
I dag premierer vi både teiknarar og talkunstnarar. Vi har plukka ut fire vinnarar av Nysgjerrignøtta nr. 4-08 og to vinnarar av førre sudoku. Nysgjerrigper gratulerer!
På Nysgjerrigper-kontoret fløymer det over av flotte teikningar av brunbjørnar. Det var ei populær oppgåve, og konkurransen var endå hardare enn vanleg. Vi har plukka ut fire velfortente vinnarar, som får ei hyggjeleg overrasking frå Nysgjerrigper.
Vinnarane av Nysgjerrignøtta
Sunniva, klasse 2b (Raumyr skole, Kongsberg)
Henrik Skjolden, 9 år (Berkåk skole, Rennebu)
Victoria Bjørkmo, 10 år (Jennestad skole, Sortland)
Margrete Sandsmark, 12 år (Solholmen skole, Kristiansand)
Her er eit galleri med alle dei flotte teikningane.
Prøv deg på ei nøtt!
Nysgjerrignøtta har blitt meir enn ein vanleg teiknekonkurranse. Nytt av året er at du kan du velje mellom å teikne ei teikning eller løyse ei skikkeleg nøtt. Har du lyst kan du sjølvsagt prøve deg på begge deler. Vi trekkjer ut tre vinnarar i begge kategoriane.
Info om konkurransen finn du her.
Sudoku-vinnarar
Og ikkje nok med det! I dag premierer vi også månadens to sudokuvinnarar. Stadig har fått augene opp for nettsudokuen til Nysgjerrigper, så konkurransen om dei to premiane er hard. Dei heldige denne gongen er Mari Røttereng frå Løkken Verk og Tor Einar Holst frå Skien. Mjuke pakkar er på veg i posten. Og ny sudoku ligg allereie klar på nettsidene. Her er det berre å setje igong!
Sist endret: 18.02.2009