Jål opp julematen
11. des 2009 06:00
Lite freistande når brokkolien har så blass farge?
Freistar det lite med blass brokkoli eller grågrøn rosenkål? Kanskje er det ikkje smaken, men fargen som gjer at du får lite lyst til å ete slike grønsaker? Her er eit triks som kan hjelpe!
Hos mange er rosenkål, og kanskje også brokkoli, noko av det tilbehøret vi brukar til julematen. Men blass og brunleg rosenkål er kanskje ikkje det lekraste du veit om?
Grønt er skjønt
Grønsakene inneheld noko som heiter klorofyll eller "bladgrønt". Klorofyll er eit fargestoff som inneheld magnesium. Når vanleg lys treffer magnesium i klorofyll, så trekkjer det til seg blått og raudt lys, men reflekterer det grøne. Difor har blad og planter hos grønsaker og frukt den grøne fargen. Klorofyll blir faktisk brukt som grønt fargestoff i matvarer.
Synes du ikkje denne er litt meir freistande enn brokkolien du ser over?
Foto: Shutterstock
Kjemiske kokketriks
Når du kokar brokkoli, vil naturlege syrestoff i vatnet "sparke ut" magnesium i klorofyllet. Då taper fargen på grønsaken seg. For å motvirke det sure, må vi tilsetje noko som er basisk, det vil seie noko som er motsett av surt. Prøv med litt natron i vatnet (eit par teskeier). Det som skjer er at syren blir nøytralisert og grønsakene forblir grøne. No kan du kanskje hjelpe til med julemiddagen og imponere kokken?
Visste du at:
• Ved å leggje grønsakene i kokande vatn og la dei koke så kort som mogleg, rekk ikkje fargen å tape seg så mykje.
• Ved å tilsetje meir syre i vatnet (eddik eller sitronsaft), vil fargen tape seg enda meir. Slik kan du gjere eit lite "sabotasjeforsøk" på middagsmaten.
• Vi måler kor surt noko er på det som heiter pH-skalaen. pH-verdi 7 er nøytralt. Når noko er surt, har det ein pH-verdi mindre enn 7. Og når noko er basisk, har det ein pH-verdi over 7.
Kjelder: Naturfag, nr. 2-2009 og Store norske leksikon
Sist endret: 11.12.2009