Varer jula heilt til påske?

29. des 2010 07:00

julehus

I songen heiter det at jula varer heilt til påske. Det stemmer vel ikkje heilt? Men kor lenge varer den eigentleg?

Vi snakkar ofte om trettande og tjuande dag jul, som er 6. og 13. januar. Begge dagane har tradisjonelt vore rekna som avslutning på julehøgtida.

Trettandedagen - 6. januar

6. januar blir også kalla "Gamle juledag" og vart i gamle dagar feira som den eigentlege dagen for Jesu fødsel. Nokre stader, som i Hellas, feirar dei framleis jul denne datoen.

I år 1700 innførte vi ein ny kalender her i landet. Med den vart tolv dagar fjerna frå kalenderen. Jesu fødselsdag vart difor "flytta" baklengs frå 6. januar til 25. desember som hos oss er blitt 1. juledag. Den tida som er mellom julehelga og nyttår kallar vi for romjul. I gamle dagar brukte ein derimot ordet romjul om tida mellom julehelga og - ja nettopp - trettandedagen.

Heilage tre kongars dag

I kyrkjekalenderen blir 6. januar også feira til minne om dei tre kongane eller visemennene frå Austerland, som kom til Betlehem for å tilbe Jesus-barnet.

helligetrekonger (Hovedtekstbilde)Foto: ShutterstockI land som Spania og Italia er dette framleis gåvedag for barna, og dagen er like stor som juledagen. Det er som regel dei heilage tre kongane som kjem med gåvene. Kvelden før trettandedagen er det store Heilagetrekongarsopptog i gatene.

Både tradisjonelt og i våre dagar, blir trettandedagen rekna som den siste juledagen. Då ryddar dei fleste av oss vekk julepynten og kastar ut juletreet.

Tjuandedagen - 13. januar

Tjuande dag jul var tradisjonelt den absolutt siste dagen for ein etterjulsfest med dei siste restane av julemat og -drykk. Dette var gjerne dagen då juletrefestane vart arrangerte. Tjuandedagen er, i motsetnad til trettandedagen, avslutninga på jula ut frå ein ikkje-kristen tradisjon.

I Nord-Noreg har denne dagen tradisjonelt vorte kalla "Kjerringjuldagen". Når mannfolka var reist på fiske til Lofoten, kunne kvinnfolka slappe av etter strevet. Då treftest dei ofte for å ete lefse, drikke kaffe og ikkje minst prate. Kjerringjuldagen betydde altså at jula var over.

Sudoku

Er du no klar for litt fleire utfordringar med tal? På lenkja under kan du løyse sudoku-oppgåver på nett. Du kan velje mellom to vanskegradar; junior eller senior, alt etter kor god trening du har. Vi trekkjer to vinnarar som får flotte premiar frå Nysgjerrigper! Lukke til!

Sudoku med innleveringsfrist 15. februar.

 
Kjelder: "Helligtrekongersfesten" av Tor Åge Bringsværd, Videnskab.dk, forskning.no, Store norske leksikon og Wikipedia

Sist endret: 29.12.2010

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 56/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Marit Møllhausen 

RSS strøm
Hva er RSS?