Kva høyrer hjernen din på no?

15. des 2009 07:00

hjernen mottek minner og informasjon på ulike frekvensar Illustrasjon: Håkon Fyhn/Kavli Institute for Systems Neuroscience

Visste du at hjernen din stiller seg inn på bestemte frekvensar, akkurat som vi stiller inn ein radiokanal?

Korleis klarer du å fange akkurat den eine tanken du vil konsentrere deg om, og leggje vekk alt anna, heilt til du skal tenkje på noko nytt? Forskarar i Trondheim har avslørt ein måte som hjernen jobbar på for å handtere store mengder med informasjon.

Radiobølgjer

Hender det at du hamnar midt mellom to kanalar når du prøver å finne favorittmusikken din på radio, slik at du høyrer musikken frå to kanalar på samme tid? Då må du kanskje justere litt for å hamne på rett kanal. Slik er det også med hjernen vår. Å vere på rett kanal er den einaste måten du kan oppfatte den informasjonen du er ute etter, og å unngå at alt blir støy, slik det var midt mellom dei to radiokanalane.

radiobølger kjem ut av ein hjerne (Hovedtekstbilde)Foto: Shutterstock

Hjernebølgjer

Forskarane har målt hjernebølgjer i rotter. Dei fann at nokre ting vi har i hukommelsen har lav frekvens, slik som gamle minne. Andre ting, slik som kor vi befinn oss her og no, blir sendt på ein annan frekvens. Når hukommelsen stiller seg inn på ei informasjonsbølgje, vil alt anna bli stengt ute, sjølv om det er mykje annan informasjon som trengjer seg på. Hjernen stiller seg altså inn på rett frekvens slik at den kan lytte uforstyrra til rett kanal.

Skjer'a?

Forskarane kan fortelje at hjernen ikkje lyttar til den samme kanalen lenge av gongen. Mange gonger i sekunder svitsjar hjernecellene fram og tilbake for å få med seg det som skjer. Det er som å kunne lytte til mange radiostasjonar nestan samtidig, og likevel klare å unngå at det blir rot i informasjonen.

Kjelde: forskning.no og NTNU

Sist endret: 15.12.2009

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 55/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Kate A. Furøy

RSS strøm
Hva er RSS?