Bambusbamse

06. jan 2010 06:00

pandabjørn

Forskarar har undersøkt arvematerialet til pandabjørnen. Dei har funne ut noko rart, nemleg at pandaen er eit rovdyr og kan fordøye kjøt, men at han likevel berre vil ete bambus.

Pandabjørnen er faktisk det første dyret i bjørnefamilien som har fått kartlagt nesten heile arvematerialet sitt.

Berre bambus

Pandaen høyrer til rovdyra. Det viser seg at den har dei arveeigenskapane som skal til for kunne vere kjøtetar på lik line med andre rovdyr. Dette har forskarar funne ut når dei har sett på utviklinga av fordøyelsessystemet. Pandaen kan altså fordøye kjøtet, men han vil rett og slett ikkje ha det. Han vil berre ha bambus!

Umami

Forskarane har ikkje greidd å avsløre kvifor det er slik. Dei lurer no på om det kan vere ein samanheng mellom smaksløkane til bjørnen og maten han et, og at det kanskje har noko med umami å gjere. Umami er den femte smakssansen vår, i tillegg til surt, salt, søtt og bittert. Du kan kjenne smaken i kjøt eller i soyasaus. Hos pandaen er delar av arvematerialet som har med evna til å fange opp denne smaken endra. Pandaen kan rett og slett ha mista smaken på kjøt!

Visste du at:

  • Pandabjørnen er ein trua dyreart. Den lever berre fritt i Kina, kor den er rekna som nasjonahelligdom.
  • 99 prosent av maten til pandabjørnen er bambus. Bambusen tilhøyrer grasfamilien, men kan likevel bli så stor som eit tre, faktisk opptil 40 meter høg. Den kan vekse nesten ein halv meter på eit døgn.
  • Umami er eit japansk ord for delikat eller vidunderleg. Det er vanskeleg å forklare korleis denne smaken er, men nokon beskriv den som saltsøt eller "kjøtaktig".

Kjelder: forskning.no og Wikipedia

Sist endret: 06.01.2010

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 55/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Kate A. Furøy

RSS strøm
Hva er RSS?