Stortorsken forsvinn
20. jan 2010 07:00
Foto: Fredrik Naumann/Samfoto
Snart er stortorsken borte frå Barentshavet. Vi har nemleg fiska for mange av dei store fiskane. Allereie for 150 år sidan kunne Charles Darwin ha fortalt oss kvifor dette skjer.
Darwin fann ut at dei individa i ein dyreart som er best tilpassa miljøet, er dei som overlever og får barn. Slik held det fram heile tida med nye generasjonar barn som blir vaksne og som får nye barn. Dei nye generasjonane barn arvar heile tida dei eigenskapane som er mest vellykka.
Stortorsken lettare å fange
Det skjer også med torsken, seier forskar Anne Maria Eikeset. - Dei store torskane er blitt fanga og etne. Dei små torskane har vore heldigare. Dei har sleppt gjennom fiskegarn og fisketrål. Dermed er det dei små som har fått føre genane sine vidare.
- Etter kvart har torsken funne ut at det lønner seg å få barn så tidleg som mogleg i livet, før torskefar og torskemor blir store og sjølve hamnar i garnet.
Menneskeskapt
Det er altså vi menneske som har vore med på å endre torsken som art. Vi har medverka til at han er blitt mindre og til at han føder barn tidlegare i livet sitt.
Publisert i Nysgjerrigper nr. 3-09
Sist endret: 20.01.2010