Livsviktig søppel
16. okt 2009 05:00
Tenk deg at du skal lage kjøtbollar i tomatsaus til middag. Du finn fram kokeboka og finn ei oppskrift på ”Kjøtlobbar i ponatsaus”. Dette var merkeleg!
Du les vidare, men skjønar fort at dette neppe kan bli ein ordentleg middag. Etter litt leiting finn du likevel det du leita etter: "Kjøtbollar i tomatsaus", og du kan sette i gang med den herlege middagen.
Oppskrift på kroppen
Slik er det faktisk med gena våre også. Sjå føre deg at kvart gen er ei oppskrift i ei kokebok, men mellom desse er det fleire sider med oppskrifter som ikkje er fullstendige. Prøver ein å følgje dei, vert det berre rot og griseri.
Faktaboks
Oppskrifta på alt som er levande ligg i gena våre, i DNAet vårt. Kva gen vi har og korleis dei blir brukt, bestemmer om ein blir høg eller låg, får blå eller brune auge, blir jente eller gut.
Mikro-RNA er korte, genetiske beskjedar som er koda av DNAet mellom dei ordentlege gena våre. Genforskarar har funne ut at desse små beskjedane er viktige for at kroppen vår skal fungere som den skal og produsere dei stoffa den treng til riktig tid.
Søppelgåte
Forskarar har fundert på dette i årevis og dei ufullstendige oppskriftene fekk namnet "søppelgener". Det fanst mange ulike teoriar på kvifor kroppen vår samla på dette, og mange trudde at vi etterkvart ville kvitte oss med alt dette søppelet.
Skjult bodskap
Men dette er det ikkje mange som trur lenger. Sjølv om gåta ikkje er heilt løyst, veit vi no at "søppelgenene" er heilt nødvendige for at vi skal leve. Inne i desse ufullstendige oppskriftene er det nemleg små beskjedar om korleis dei ordentlege oppskriftene skal brukast. Desse små beskjedane har fått namnet mikro-RNA. Om vi går tilbake til kjøtbollane kan det til dømes vere: "For ein sterkare rett, tilset 1 teskei chili", eller "Har du gjestar, lag dobbel porsjon".
For oss betyr dette at kroppen produserer dei stoffa vi treng, i riktig mengde og til riktig tid.
Sist endret: 16.10.2009