Ultralydig forsking
17. jun 2009 05:00
Foto: Trond Rødvik
Akrobatiske tunger, fallande strupehovud og vibrerande stemmeband. Norske forskarar studerer livet på innsida av halsen. Der skjer det meir enn ein skulle tru.
Vi er på besøk ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU). Mads frå Nidarosdomens guttekor og operastudent Jeanette skal i dag vere med på spennande stemmeforsking. Forskinga er under leiig av professor Kåre Bjørkøy. Snart får dei sjå levande film av strupehovud og stemmeband, og spente forskarar skal avgjere korleis det står til med teknikken til dei unge songfuglane.
Spennande tungetale
- Det blir klarast bilete på skjermen med unge personar. Vi vaksne har for mykje flesk rundt strupehovudet, smiler Hans Torp.
Hans er professor og sjef for den hypermoderne ultralydsmaskinen som forskarane ved NTNU brukar. Med hjelp av eit kvitt instrument skal lydbølgjer forvandlast til levande film. Mads og Jeanette ser spente på kvarandre. Har dei fallande strupehovud, slik som forskarane likar?
Professor Hans Torp undersøkjer stemmebanda til korsongar Mads. Foto:
Foto: Trond Rødvik
Dansande tunge
Hans puttar det kvite instrumentet under haka. På ein skjerm kan vi sjå tunga hans danse av garde. Lenger nede i halsen finn vi stemmebanda, desse aktive krabatane som lagar lyden som kjem ut av munnen.
Jeanette er først ut, og får instrumentet plassert over strupehovudet. Det er smurt inn med gelé. Masse gelé. - For å skape betre kontakt med huda, seier Hans. Jeanette syng klokkereint, og lydbølgjene blir skapte om til flotte bilete på skjermen. Dei to stemmebanda vibrerer som små grashopper, og strupehovudet held seg langt nede i halsen. Berre flinke songarar klarar det.
Lys og klar stemme
Mads er 13 år, og har framleis ei lys, klar stemme. Han syng både lyse og mørke tonar heilt utan å anstrenge seg. Forskarane nikkar og smiler til kvarandre. Akkurat som dei trudde. Også hos Mads kan ein sjå at strupehovudet held seg lågt i halsen.
Men snart er songkarrieren til Mads over - i alle fall for ei stund. Snart kjem Mads i stemmeskiftet, og då veks stemmebanda, og blir både lengre og tjukkare. Stemma treng å få kvile seg då. Gjerne i eit par år.
Ultralyd
Ein kan samanlikne ein ultralydmaskin med teknikken til ei flaggermus. Lydbølgjer blir sende ut, treffer noko og blir sende tilbake. Flaggermusa klarar å danne seg bilete av landskapet rundt seg, men vi får hjelp av ein ultralydmaskin og ein skjerm.
Syngje i mange timar
Mads og Jeanette brukar musklane i mellomgolvet når dei syng. Med musklane dreg dei ned lungene - og då følgjer strupehovudet etter. Syng ein på denne måten, kan ein syngje i mange timar i strekk. Syng ein utan å bruke magen, er ein gåen i løpet av eit par minutt.
Syngje med magen
Forskarane ved NTNU veit at strupehovudet bør liggje lågt i halsen når ein syng, og at det er viktig å bruke magen. No ønskjer dei å finne ut akkurat kva som skjer i mellomgolvet når unge personar syng for full hals. Kanskje kan forskinga gjere Jeanette og Mads til endå betre songarar?
Publisert i Nysgjerrigper nr. 2-09
Sist endret: 17.06.2009