Støyande flaggermusikk
22. mai 2009 06:00
Flaggermusa ser ikkje så godt, men ho blir styrt av eigne skrik. Om flaggermusa flyg mot ein vegg, vert kraftige lydbølgjer sende tilbake. Slik unngår ho eit skikkeleg krasj.
Veit du kva for dyr som skrik sterkast? Det er verken ergerlege elefantar, vrange villsvin eller hylande hyenar vi snakkar om. Den vesle flaggermusa skrik nemleg sterkare enn noko anna dyr. Ho bråkar like mykje som eit rockeband!
Sterk lyd
Ti centimeter frå munnen til flaggermusa har forskarar målt eit lydtrykk på 140 decibel. Det er så sterk lyd at du kan skade hørselen din, vel å merke viss flaggermusa skrik deg rett i øyret! Dei kraftige skrika brukar flaggermusa til å styre når ho flyg. Når lydbølgjene frå skrika treffer hindringar i vegen, blir dei sende tilbake. Flaggermusa svingar då raskt vekk og unngår slik eit skikkeleg krasj.
Publisert i Nysgjerrigper nr. 2-09
Sist endret: 22.05.2009