Bli med på Oppfinnermessa 2009 i Grue
03. apr 2009 05:00
Reklamefilm, mekaniske leiker eller katapult-fly? På Oppfinner, teknologi og designmessa i Grue i Hedmark kan du vere oppfinnar, men det hastar å melde seg på. Fristen er rett over påske, den 15. april.
Det er niande året på rad at messegeneral Einar Krobøl byr inn til oppfinnarmesse. Staden er Gruehallen i Grue i Hedmark, og dei magiske datoane er 23. og 24. april. På messa er klassar og privatpersonar frå nærområdet inviterte til å vise fram oppgåver dei har jobba med i vår, og sjølvsagt vankar det flotte premiar til vinnarane.
Premiering
Det blir konkurrert i sju ulike kategoriar, og dei tre beste i kvar kategori får premie. Ein kan:
-
Lage ein reklamefilm
-
Lage ei mekanisk leike
-
Designe og lage eit handlenett
-
Lage eit katapultfly
-
Lage ei bruksgjenstand i tre
-
Eller lage noko ein finn på sjølv
Meld deg på!
Dersom ikkje du eller klassen er påmeldt allereie, byrjar det å haste. 15. april er fristen, altså rett etter påske. Og er ikkje læraren din sikker, så får du mase litt ekstra. Kanskje kan ein tur innom nettsidene til Oppfinnermessa overbevise han? Dette er noko de ikkje kan gå glipp av!
Les meir om Oppfinnermessa her.
Sekkepiper til arbeidet
Barn lagar DNA av seigmenn på Oppfinnarmessa i 2004.
Programmet elles på messa er meir spennande enn nokon gong før, og sjølv om du ikkje har eit prosjekt å vise fram, er det verdt å stikke innom ein tur.
Du kan lage det raskaste magnet-køyretøyet av papp og papir, eller du kan lage eit katapultfly og delta i ein eigen konkurranse. Kanskje har du lyst til å eksperimentere med plast og lage eit bilkarosseri, eller lage ein farkost som beveger seg mot ein vass-straum? Med vakker sekkepipe-musikk i bakgrunnen, kan du også lage ei vindmølle eller ein bumerang.
Sist endret: 03.04.2009