Lukkeleg som amatør

12. aug 2009 06:00

Korsangarar (Ingressbilde)

Kva er det med korsongarar? tenkte forskarane. Dei hadde lagt merke til at folk som var trøtte og sure før ei korøving, gjekk gjennom ei forandring. Etter ein times trilling og tralling var ikkje songamatørane til å kjenne att.

Forskarane tok blodprøver av songarane både før og etter ei songøkt, og samanlikna resultata. Forskarane nikka til kvarandre og smilte. - Mengda av oksytocin har auka, sa den eine. - Det er mindre kortisol i blodet, sa den andre. - Hæ? sa songarane i kor.

Song gir glede 

Stoffet oksytocin gjer ein gladare, og kortisol gjer ein stressa. Når mengda oksytocin hadde auka og kortisol hadde minka, var det nokre svært så lystige og avslappa korsongarar som tralla seg ut frå øvinga.

Best å vere amatør!

Forskarane undersøkte også profesjonelle operasongarar og fekk eit overraskande resultat: Dei småstressa proffane blei ikkje glade og avslappa slik som amatørane. Det er altså best for kropp og sinn å vere ein lukkeleg amatør!

Publisert i Nysgjerrigper nr. 2-09

Sist endret: 12.08.2009

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 55/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Kate A. Furøy

RSS strøm
Hva er RSS?